På travbanen.
Forrige gong spelte eg 100 kr på Leo, og vann 550…
..i dag speler eg heile 200 kr!
P.S. Hestane her har namn som Nøkle-Per og Pål-Stjernen.
På travbanen.
Forrige gong spelte eg 100 kr på Leo, og vann 550…
..i dag speler eg heile 200 kr!
P.S. Hestane her har namn som Nøkle-Per og Pål-Stjernen.
Arkivert under Ikkje kategorisert
Er på Stord i nokre dagar.
I huset til mamma bur det to brødre.
Ein ertekrok.
Kjapp.
Fnising.
Ein tilbakeståande.
Sterk.
Herjing.
Det gjeld å halde godt på nasen min.
Dersom ulykka først er ute må eg be veldig fint om å få nasa tilbake, ellers går den samme vegen som juletreet.
Nasekatastrofar skjer igjen og igjen.
Ingenting slår kjensla av å puste gjennom ei nypåsatt nase.
Puuuuuust…. Åh! Heldigvis!
Arkivert under Fine folk
I dag går pynten på denne lampen i juleboksen.
Berre det.
(Ja, pluss at eg vann 500 kr på travbanen på torsdag. Denne gongen satsa eg 100kr på Leo. Han vann! Sjå: Trav og galopp )
Arkivert under giff
Sjå nøye på denne giffen medan du høyrer på musikken under….
…hm…musikkgiffar…det var kanskje ein fin idé…..?
Arkivert under giff
The WordPress.com stats helper monkeys prepared a 2011 annual report for this blog.
Here’s an excerpt:
A New York City subway train holds 1,200 people. This blog was viewed about 5,800 times in 2011. If it were a NYC subway train, it would take about 5 trips to carry that many people.
Arkivert under Ikkje kategorisert
No vil eg legge ut allslags!
Først og fremst: Myrullen ved fugletårnet!
Ein supergif frå byen Bergen, frå 23.des.
Og tilslutt: Julestemning..
Arkivert under Fine folk, julekalender
Ein travbane har to sider:
Eitt einaste digert bygg dekker den eine sida. Glasvindauge. I små luker kan ein satse pengar på hestar. Gode seter. Små bord mellom seta. Små lamper på borda. Sigarar og flosshattar. Dyre parfymar.
På den andre sida ligg fleire ulike bygg. Dei fleste bygga har store skilt: Store namn. Travtrenarar. Menn med fargerike oljeklede. Glinsande. Sjølvsikre. Det luskar hestar rundtomkring. Dei luskar i ring. Med og utan diverse ting. Utstyr på ryggen. Utstyr i munnen. I eit lite hus med sota vindauge mot travbanen luktar det kaffi. Hamburgarar. Komler. Hest. Hest. Hesteskit. Godt. Stall. Ein nykomling som kjøper seg ein kaffi, eller ei komle vert lagt merke til. Det kan vertfall nykomlingen føle. Med tippelodd i lomma. 50 kr på Leo One. Ligg i innersporet. Har så mykje meir å gi. Ligg fast mellom dei andre hestane. I begge rundane. Kjem likevel inn til premie. Alle er imponerte. Hesten er ikkje pålegg, men premiehest! Vi gler oss alle til om 14 dagar. 50kr skal fortsatt spelast på Leo då. Om ikkje 100kr.
Arkivert under bergen, julekalender, Ymse greier / stuff