Denne bjørnen liknar på min bror Andreas. Han er ofte i det tanketomme hjørnet, og då ser han slik ut.
Vesle julafta vart Andreas totalt kompis med brevveninna mi. Det sa berre “klikk”. Alle høyrde det. Litt lyden av eit bilbelte som smakk på plass.
I romjula hjalp han meg med å henge opp fuglemat. Eg stod høgt oppe i stigen. Han stod på innsida av vindauget og laga oppmuntrande grimasar.
Eg veit ingen som liknar han. Ikkje litt ein gong. Så fin og fin og snill og rar.






å, dei lignar!
mari, eg er så langt frå postkassa mi, kan du ikkje sende meg di epostadresse?
-ja, mi kjære e-brevveninne, så klart!