Dette er ein gif frå bjørneland. Eg tok bileta frå kjøkkenglaset mitt.
Fuglen heiter raudstjert. Redstart på engelsk. Ordet “start” kjem frå det middelalderengelske ordet “stert”. Kø på fransk.
Den raude fargen kjem ikkje til sin rett på dette biletet.
Raudstjerten er modig, har ein kraftig skremmelyd og et allslags insekt.
I bjørneland brukte han stemma si på å skremme Mino heile dagen lang.
Om vinteren flyg han til varmare strøk. Nærmare bestemt sør for Sahara, men nord for ekvator.
Før han drar kler han av seg sin kvite hjelm, og på seg ei tjukk, tjukk vinterjakke.
Jakka får du sjå først i luke 5.





Å! Så fin. Gif-kalender er ikke dumt.