Ein travbane har to sider:
Eitt einaste digert bygg dekker den eine sida. Glasvindauge. I små luker kan ein satse pengar på hestar. Gode seter. Små bord mellom seta. Små lamper på borda. Sigarar og flosshattar. Dyre parfymar.
På den andre sida ligg fleire ulike bygg. Dei fleste bygga har store skilt: Store namn. Travtrenarar. Menn med fargerike oljeklede. Glinsande. Sjølvsikre. Det luskar hestar rundtomkring. Dei luskar i ring. Med og utan diverse ting. Utstyr på ryggen. Utstyr i munnen. I eit lite hus med sota vindauge mot travbanen luktar det kaffi. Hamburgarar. Komler. Hest. Hest. Hesteskit. Godt. Stall. Ein nykomling som kjøper seg ein kaffi, eller ei komle vert lagt merke til. Det kan vertfall nykomlingen føle. Med tippelodd i lomma. 50 kr på Leo One. Ligg i innersporet. Har så mykje meir å gi. Ligg fast mellom dei andre hestane. I begge rundane. Kjem likevel inn til premie. Alle er imponerte. Hesten er ikkje pålegg, men premiehest! Vi gler oss alle til om 14 dagar. 50kr skal fortsatt spelast på Leo då. Om ikkje 100kr.



Tilbakeping: 14.dag jul.. | bjørnedetektiven's Blog