Gjeddefiletar og viktigare saker

nei

nei

ja

ja








Filitering av gjedde er kjekt når ein startar å få dreisen på det. Den 8-12 fileen vart skikkeleg proff. Synd at det berre skal bli kaker av det. Jeje.. litt sliten av all fileteringa.

Men tenkte allikevel å fortelje ein trist fakta som du sikkert ikkje visste om kvalross.
Møtte ei jente i dag som jobba for WWF (som me skal samarbeide litt isbjørn-detektiv-greier med), ho kunne fortelje at det var mindre isflak enn vanleg nord i Russland som sommaren (nær sagt ingen), og at når isen først kom, så kom den svært brått. Kvalrossen likar seg på isflak. Og den likar å ha kompisar med passe avstand rundt seg, der den ligg og deigar seg på isflaket heile sommaren. Tenk deg at kvar kvalross er eit ukokt riskorn i ei steikepanne full av ukokte riskorn. Dei ligg der med passe avstand. Deigar seg. Godt for dei tenkjer du? Jepp, dei hadde det bra. Tenk deg no at isen smeltar, og alle riskorna må dele plassen rundt langs kanten av steikepanna. Det vert trangt. Og no kjem poenget: Kvalrossar er klaustrofobiske. (Haptefobi eller kanskje Anthropofobi). Det held at ein kompis treng ein ekstra pust der dei ligg nær sagt oppå kvarandre på stranda, eller at ein nyskjerrig turist brukar blitz. Dei får panikk. Alle saman kavar enormt, panikk, panikk*, og dei HAR hoggtenner, dei ER mange hundre kilo, og det SER ikkje bra ut.
Det er som ein rockekonsert der alle har sverd og motorsager og alt er stort og tungt, og det er barn innimellom..pluss full panikk.
*eller piniiiikk,piniiiikk som min bror Andreas så fint brukar å seie.
SUPERTRIST. Så folk. WWF.

3 kommentarar

Filed under Ymse greier / stuff

3 responses to “Gjeddefiletar og viktigare saker

  1. Føniks

    jeg lurer på hvordan han fikk den til og gjøre det der? mina

  2. bjornedetektiven

    Hei på deg Mina!
    Kvalrossen er lei seg fordi han høyrde ein trist historie om nokre andre kvalrossar som ikkje hadde det så godt.
    Mannen berre prøver å trøyste..
    Frå Mari

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s