Nothing’s prettier..

Eg visste ikkje at blomar kunne gjere meg lukkeleg.
DSC02964
Det kan også vere teen, platespelaren, eller berre tanken på at eg har gjort ein god jobb i hagen. Eller det at eg laga augerginemos og bringebærmos. Kanskje det at eg har snakka masse om kjærasten min til Lulu.
DSC02944
DSC02946
DSC02955
DSC02959

Eg hentar jo katten på søndag, det vert bra. Katten som eg skal kalle Mino Løvetann.
Mino er oppkalla etter Mina. Og Løvetann var det Jostein som fann ut.
Eg synest kombinasjonen vert bra, då det minnar meg om Astrid Lindgren.

Kanskje eg er lukkeleg fordi at eg skal sove med gardina halvt ope i natt, slik at sola treff augenlokka mine samtidig som den lokale bjørneradioen startar si 06-sending?

Eller at eg kjøpte bil i dag. Ein liten Polo som skal heite Herr Bohm. Oppkalla etter Herr Bohm i Herr Bohm og silden. Nei, trur ikkje at Herr Bohm er grunnen.

(Eg har forresten aldri gitt namn til ting før, men det er vel noko som kjem når ein bur aleine. Mixmastaren kan heite Barbie, eller Ken. Og gyngestolen Trulte? Nei, det er nok berre dei varme tinga som kan få namn. …vifteomnen kan heite Abboren, og bil-kupé varmaren Silden? (Frå Herr Bohm….))

Uansett var eg ute og planta blomar. Det vart mitt andre blomsterbed nokon sinne.

DSC02967
DSC02976
Blomane fekk eg av fantastiske Marianne på jobben. Ho har laga den finaste botaniske hagen eg nokon gong har sett eller lukta.

Den hagen får deg nestan til å tru at blomar kan gjere deg lukkeleg.
DSC02968
Ein veit jo aldri.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Fine folk, mat, Mino Løvetann, spirings

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s