Ulykke på veg til butikken

I dag gjekk eg på ein mørk sti. Skulle lage kake, og måtte ringe til mamma for å få oppskrifta. Snakka i mobilen samtidig som eg lyste opp stien med den. Mamma er flink til å finne oppskrifter kjapt, og har alltid masse gode råd. Ho er eigentlig sinnsjukt flink til å bake kaker. Då eg endeleg såg butikken kunne stien lysast opp av gatelyset langt der borte. Eg gjekk med sikre steg mot lyset, og merka ingenting av at stien heldt på å forsvinne, ja ikkje før den forsvant heilt då, og eg landa på kne og hender i ei steinur. Deretter rulla eg humpete nedover i mørket, og i farten ana eg ikkje noko om kor langt eg kom til å rulle. Det gjorde så vondt i knea, og alt eg tenkte på var faktisk å puste frisk luft. Då verda hadde stoppa heilt opp, og alt var svart og vondt burde jo også alt bli heilt stille… men, nei: litt lengre nedi røysa låg nemlig mobilen min og prata ostekake for seg sjølv. Og for å ikkje gjere mamma bekymra, rakk eg telefonen, og ga litt «nnnnggh» og «mmmhh» til svar når kjeksen kunne knusast for hånd, og geleen kunne først blandast i litt kokande vatn, og deretter tilsette resten av vatnet kaldt for å ikkje måtte vente så lenge på at vatnet vert kaldt nok til å blandast med resten av ingrediensane som ikkje toler så høg temperatur..jo..nei, det hadde jo aldri heilt blitt testa ut det der, men det er nok best å gjere det slik ja….hallo? Hallo? Mari? E du der? «MMMMGHHHH…». Eg tok sats og greide såvidt «mmen, men no måeggåååh» «hadee..»
Og mamma reiste lukkeleg til på dameklubb til bømlo, lukkeleg fordi ho visste at kaka kom til å bli så god så god. Sanninga er at det aldri vart noko kake, ikkje ein gong kjøkkenet mitt vart rydda. Og då eg låg der i grøftekanten tok det lang tid før eg greidde å bevege på noko som helst. Støtta meg etterkvart til frysediskar og reolar. Kom meg faktisk nestan ikkje heim frå butikken. Krøyp det siste stykket, og Mino følgde meg så fint heile krypeturen. Hol i buksa. Med varene på slep. Så vonde var knea mine, og er fortsatt nestan verre.

Og dei på jobben som skulle få kake fordi eg hadde teke lappen i går..neiognei..

Eg tok faktisk lappen i går. Det gjekk heilt greitt, ja utenom at eg køyrde til venstre i eit kryss når sensoren sa «rett fram», og at eg prøvde nestan å gire frå andre til tredje med sensoren sitt kne.

No må eg stole på Lulu sine skillingsboller i morgon. Og det gjer eg jo.
Ostekake må vente til knea er gangbare.
Og det gjer faktisk verkeleg veldig vondt. Verkeleg veldig!
«nnnnggh»

And..I will translate, but first I have to sleep!

Advertisements

6 kommentarar

Filed under Ymse greier / stuff

6 responses to “Ulykke på veg til butikken

  1. Terje S

    Au, kom deg til legen om du er usikker på utfallet av fallet! God bedring, og gratulerer med lappen!

  2. Føniks

    Endelig!! ..grattis m lapp.

  3. bjornedetektiven

    hmm… takk… det var jo så ukomplisert… og tenk kor komplisert det har vore uten……….hmmmmmmmmmm!!!!

  4. …..fantastisk historie Mari….sjøl om den gjorde ondt 😉
    Gratulerer så mye med lappen – koffør kjørte du ikke te butikken….. ;))

    • bjornedetektiven

      Køyrer litt oftare til butikken no, ja… men det er jo heller ikkje så langt å gå… Og ein må jo tenkje på miljøet…fjellet, lufta, fjorden…..hehe..;)
      Har forresten kjøpt meg ein spark på fretex…så tenker at det vert sparking til butikken frå no av;)

  5. Tilbakeping: 2010 in review | bjørnedetektiven's Blog

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s