Seeein…sloooow…

Ingen oppdateringar på ei stund fordi min internett er sein. Det manglar ikkje på ting som har skjedd eller pakkar som er kome i posten, nei det er berre det at eg helst vil forklare ting som skjer med bilete, ja, og pakkar.

Men no starta ein svikte-følelse i magen, så då berre køyre eg på: skrift skrift skrift.

Kva har skjedd sidan sist?

Jo, eg har kjøpt frost-kjølevæske til bilen min. Mannen på bensinstasjonen kunne fortelje at dersom nivået sank fort måtte det vere ein lekkasje, og då entan i olja eller radiatoren. Dersom det var lekkasje i olja ville det vise skum på peilepinnen. Og dersom du ikkje såg noko skum, måtte det vere lekkasje i radiatoren. Ikkje vansklegare enn det. Skriv alle fakta opp i mi vesle faktabok om bilmotorar. Både boka og hovudet mitt var full av blanke ark. No har den to fakta. frost-kjølevæske-lekkasje fakta.

Ellers går livet litt i hui og hast sånn generellt (hui og hast er ikkje bra). Det kan samanlignast litt med å køyre litt for fort i svingane når det er glatt. Og for tida er eg bilen, det har gått for fort (og friksjon-noke), og eg ligg halvegs nede i ein snøhaug. Med halve framhjula. Sånn ca.
(mormor dersom du les dette: eg har ikkje kræsja, det er berre ein metafor! Og forresten ligg bestefar si dressbukse igjen etter dåke var på besøk, eg skal sende den snarast!)
I bjørneland ringer ein etter ein traktor dersom slike ting skjer. Min traktor er ein fyr: David Allen som snakkar inn på bånd om: «Getting things done fast». Fantastisk effektive 8 CDar på min iPod frå for-alltid-i-mitt-hjarte pirate bay. Og vips er eg tilbake på vegen, med sikrare køyring, og relativt høg fart.

Jepp, så var det pakke i posten. Har fått to pakkar: Ei tynn billedbok med dei finaste bilete. Den heiter: «where the wild things are» Fin fin fin.

Og ei svært tjukk bok. Og svært stor. Frå 1945. Nestan 500 sider. Det er ei bok som eg har tenkt på svært ofte sidan eg var 8 år. Då eg tilslutt har fått sett meg gjennom den boka er det ein heil masse greier som kjem til å falle på plass i minna mine.
Eg tenkte at tittel og forfattar kan vere ein overraskelse til seinare.

Ellers, då eg satt her og lurte på om eg skulle skru av tv’en, sjekka eg heilt heilt tilfeldig innom dei to faste filmkanalane silver og silverhd. Og der, akkurat i det sekundet biletet kom fram: 1 times dokumentar om Michael Stipe og Mario Batali. Kun om dei. Fekk ikkje tid til å lage te eingong! Avogtil er alt perfekt! Heilt tilfeldig!
Her er slutten på dokumentaren:

ps Mino er kjempeglad og fornøgd! Leikar heile dagen og søv heile natta. Han har blitt 72cm frå halespiss til snute, og skal kastrerast om ikkje lenge. Det veit han heldigvis ikkje.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Fine folk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s