Monthly Archives: mars 2010

pus og postei













2 kommentarar

Filed under mat, Mino Løvetann

Global måndags crisis II

Stakkarsar

Poorbears

Kommenter innlegget

Filed under Måndagsbjørn

Dronningreier – Queenstuff (now also translated!)

Så skulle dronninga komme på besøk. På ein søndag. Heilt ukomplisert. Eg skulle jobbe som vanleg, vere eit bra eksempel på bjørnelaboratoriet. Skulle helse høfleg, noko som eg øva litt på. Hadde til og med tint klar litt delikat blåbærbæsj for å vise fram. Og to bjørnebæsjkunstverk. I tilfelle ho viste interesse for slike ting..

Eg hadde kontroll.

Søndag morgon, stille og roleg. Eg var kome godt i gong med PCRen, og dompapen på fuglebrettet var kome godt i gong med solsikkefrøa. Det var god utsikt til vegen, og inga dronning var å sjå. Derfor tok eg nokre dompapbilete medan dei siste reagensane tinte. Finbukse. Finskjorte. Rein labfrakk. Fin dompap. Høyrde dempa stemmer, sjefen og kokken forbereda saker og ting. Måtte spegle meg litt. Skunda meg rundt hjørnet. Kjapp. Såg meg for akkurat tidsnok, og fekk stoppa akkurat tidsnok til å unngå å renne ned…dronninga. Jepp. Fekk ikkje tenkt på nokon ting. Fekk berre brukt augene: vesle, fine dronning med altfor store samesko. Sjefen si buldrande stemme. Presentasjonen unnagjort utan at eg eingong hadde opna munnen. Paff. Dronninga sine mjuke hender. Halloen ja. Ny hand. Ah, Vegard Ulvang, ja. Der var du. Tenkte meg nok det. Paff. Latter. Hoho. Jepp. Fleire folk: Ei kjempeblid eldre dame og ei yngre, seriøs. Og to vaksne menn. Som også såg kjende ut. Hadde dei frå nokon stad. Kor? Fekk ikkje tenkt ferdig. Den eine mannen kom sjølvsagt med eit rungande: «Takk for sist! Ja, meg kjenner du jo, haha, nei, jo det var jo litt seint då..». Andre mannen fulgte opp: «Hoho, kjenner du oss ikkje igjen» Eg, paff. Hadde eg vore nokon stad saman med desse dronningas menn? Seint på kvelden? Eg tok ingen sjansar. Dei kunne ha teke feil: Eg: «Johoho, neineinei…NEI, hugsar dåke ikkje, nei» Dronninga lo, Vegard Ulvang lo, dei andre lo og sjefen min lo veldig høgt og starta med å fortelje om laboratoriet. Eg tok med meg tenkeboksen bort til bjørneskiten. Den fine av blåbær. Mennmennmenn…kor kunne eg ha sett dei før??? Eit lite blikk opp på dronningfølget, og det gjekk opp for meg: Ein mørk kveld for ca to månader sidan stod desse menna oppstilt i bjørnelaboratoriet akkurat der dei stord no. Den gongen saman med tre andre menn. Vi vart kjapt vennar då eg fortalde om bjørneskit og vi diskuterte rovdyrregulering…åh for ein dårleg og glømsk venn eg var. Prøvde å vise dei med heile ansiktet at: “Ja, eg veit! Eg veit! No kjenner eg dåke igjen”

(huff dette vart litt langt, kuttar kjenslene frå no av)

Følget kom bort til min vesle bæsjestand. Dronninga vart svært imponert, ho tok bilete av den fine blåbærbæsjen som eg hadde lagt i handa for anledninga. Eg råda ho til å bruke macroen på kameraet. Utruleg kor det ligna på blåbærsyltetøy. Eg prøvde meg på eit forslag til practical pannekake-joke. Nokon lo. Heldigvis. Sjefen min lo ikkje, men fortalde og fortalde. Eg fortalde littegrann. Vegard Ulvang var raud i kjakane, og den fine eldre dama var lyse-pudder-rosa i kjakane dronninga var brun og fin. Dei fortalde entusiastisk om den ti mil lange skituren sin som hadde vart i fire dagar. Dronninga kunne fortelje at den unge, seriøse dama “synes hun hadde spottet en elgokse”. Og at ho sjølv hadde hoppa høgt då ein tiur kom flygande opp frå under snøen like ved ho. Vegard Ulvang hadde sett gaupespor. Slikt kunne ein kjennar seie med sikkerhet.

Og då dei på dette tidspunktet forlot laboratoriet, fekk eg endeleg sagt takk for sist til mennene og ja, seint på kvelden…hehe…her går det bra, ja…eg kjenner jo dåke såklart igjen…(heldigvis)…for dei hadde jo hugsa meg så godt..

Kva var no gått dronninga hus forbi?
Jo: Bjørnebæsjkunstverket.

Dronninga viste jo spesiell interesse for det. Ho fotograferte og alt ting..og derfor…
Kjapt signerte eg to fine, nummererte og ga dei namn. Oppi kvit konvolutt merka med namnet til dronninga.

Litt seinare møtte eg den eine vennen min i gongen, og han lova å ta med konvolutten til dronninga. Hurra.

Seinare viste det seg at: Det er uloveleg å gi konvoluttar til dronninga. Flott.

Det gjekk rykter på måndagen om at dronninga hadde fått ein mystisk, kvit konvolutt. Politiet hadde visstnok reagert med panikk. I følge kokken. Rykter er kjedelig.

På samme måte som bloggen er hemmeleg er også bjørnebæsjkunstverka hemmelege.
Trur eg sluttar der. Er ikkje så god på konklusjonar.

Fortsetjing:

Dronninggreier II

Engelsk versjon:

Oh, such a long story. It’s only about last Sunday, when the queen of Norway visited the laboratory where I was sitting working.

All though I knew she would visit, it came in a way like a surprise and I almost ran her down since I didn’t see the car arriving. She was surprisingly tiny, and was wearing some huge sami-shoes made out of reindeer-skin. Despite all the practice I had done in advance for presenting myself, my boss did it even before I had opened my mouth. Also a famous Norwegian skier was present, and two guys who told me that we knew each other. I told that I didn’t recognize them, and people found it funny. In fact I probably would have recognized them if it was not for the queen and these people that had made me a bit confused.

The two men had visited the laboratory some months ago, where I had guided them. And in the end we were discussing politics, and became quite familiar. And stupid me had forgotten their face for the one important second.

The queen was shown a bear-poo of blueberry, and she photographed it. I gave her an advice about using the macro-function. I called it “you see that little flower queen”. She found the poo similar to blueberry jam, and I proposed an idea for a practical-pancake-joke. Somebody laughed. Fortunately.
The queen-parade (of about six people) told about their ski-trip of 100 km that had lasted for four days. They had spotted elks, wood grouses and had even seen the tracks of a lynx.

When they left the laboratory, I told the two men that of course I recognized them. And we said “takk for sist”, that is the most common thing to say when you’ve spent some time together in the past.

Sometimes I make art out of bear poo. Yep.
And I decided to give some art to the queen. I mean she showed some interest in it by taking pictures and stuff. I put two beautiful ones into an envelope, and wrote the queens name on it.

Later I met one of my “takk for sist”-friends in the hall, and he promised to hand the envelope to the queen. Hurrah.

At this stage I just have to say: It is not legal to give any kind of envelopes to the royals. Great.

Rumors say that the queen received a mysterious envelope. Rumors also talk about some policemen that went crazy.

As this blog is a secret, the bear-art is also a secret. Not for crazy policemen and such. Great.

Let this be the conclusion

2 kommentarar

Filed under ...ska sei!, Fine folk, Jobb

Måndags global krise

(total krise då dei ikkje eingong orker å jage pingvinane som har invandert nordpolen..)

(total distaster since the polar bears don’t even attack the pinguins that have invaded the northpole..)

Kommenter innlegget

Filed under Måndagsbjørn

RII – III

Eg har mista mi dømmekraft i dag, så moglegens nok ein kjedelig fotoalbum:
(kjøtt og flesk, marg og bein..)
Vi måtte stå opp veldig tidleg, rundt 06:00 (det er veldig lyst fordi vi bur så langt aust, cirka samme lengdegrad som Istanbul og Kairo):

I’ve lost my sense of jugdement, so every single photo from Russia is included in this blogpost. ..like another boring photoalbum..

We got up early (the sun is rising very early in the morning since we’re living so far east, about the same longitude as Istanbul and Cairo).

Og dette biletet viser for ein omveg vi måtte ta. Heime og Russland hadde fint vér, medan grensestasjonen hadde dårleg vér.

And as you can see here, our journey was a detour: Our home and the ski-race is sunny, but the borderpassage is clouded. Yep.

Ekstra vakthald skiløpet: Skrivebord og nestan svevande stoppskilt;)

Some special road-security with portable desk and floating ballon stop-sign.

Samlingsplass. Alle skulle delta.

Racing area: Everybody’s participating.

Proffe.

Pro

Og ikkje så proffe:

And amateurs:

Og, ja, absolutt alle:

Even…

Huff dette biletet greide eg ikkje å unngå: Dette mannen har ein tråd på buksa si. Og, ja, det er vel kanskje ikkje så morosamt…litt kanskje..krafttak mot kreft..

This is just stupid/funny since the guy has a tiny tread attached to his butt, thus it looks like he’s supporting a cancer campaign.

Start!

Og innhaldsrikt publikum: Audience:
Stilig joggedress. Cool jogging-suit.
Raudt-sjal-familien. Red scarf-family.
Bjørneleggisar. Bear-leggings.
Ein mann som er i ferd med gi seg. A man that is about to give up.
Mann som støtter seg på usynleg vegg. One guy leaning to an invisible wall.
Dame som allerede har vunne. Woman that has already been winning a medal.

Med all denne underhaldninga gjekk feltet i frå meg:

With all this entertainment I almost lost the others:

Og det var då eg møtte den første ballongmannen..

And that’s when I met the first balloon-man..

Her kan du sjå korleis ein finsk og ein russisk grensestolpe ser ut:

Finnish and Russian border-pole:

Det var svært morosamt kvar gong nokon sklei bakover i oppoverbakkane:

Sometimes hevy people started slipping, and ran bacwards into the crowd!

På treriksrøysa var det kø, og…

Queue at treriksrøysa but..

…vår gode ven Natalia hadde energiforsyning:

…our good friend Natalia gave us vodka, for the cold weather:

Maria på den ulovlege sida! Dette er alle dei ulovlege steinane:

Maria at the prohibited side! These are all the prohibited rocks!

Mange hadde kledd seg for anledninga:

Some people were dressed up for photo-session:

Og her kan vi langt, langt borte sjå eit tog av skiløparar som passerer russisk-finsk grense!

Far, far away you see the skiers passing over from Finland to Russia.

Løypa fortsatte mellom Noreg og Russland (denne dagen var det lov å fotografere grensevaktene!):

The track continued along the border between Norway and Russia.

Ballongfamilien:

Balloon-family:

Og ei som hadde gitt opp (ca 4km frå mål):

And a girl who had decided to quit:

Franzi var også med:

Franzi:

Og dette er ein GIF!!! Trykk, trykk, trykk på den!

This is a GIF. Just press on the picture!

Luksus-spark etter målgang.

A funny spark:

Og luksus-afterski!

A funny after-ski:

Sponsor:

Og Raiakoski:

Slutt! Fin dag! Hurra!

The end! Strange and nice day!

Éin kommentar

Filed under Russland, Ymse greier / stuff

RII – II

Forsmak..

Starter..

Kommenter innlegget

Filed under Fine folk, Russland, Ymse greier / stuff

Russland II

Eg bur svært, svært nærme Russland, men allikevel så langt, langt, langt unna.

Det vil seie at dersom eg vågar meg over til Russland, vil eg bli arrestert, eller få bot. Dersom eg så mykje som helsar, eller tek bilete av Russiske grensevaktar vil dette også få konsekvensar.
Den russiske grensa er også ulovleg område for vanlege russiske folk, og derfor strengt bevokta frå alle kantar.

Vil du, som vanleg menneske, allikevel sjå nøye på Russland, er det ein fin tur er å gå til treriksrøysa. Då kan du gå langs ved grensa, og ende opp ved ei stor røys som ligg mellom Russland, Finland og Noreg (sjå blomst på kart).
Men, du kan ikkje så mykje som røre ein russisk stein i røysa…

Russia is very very close to my place, tough very very far.

If I pass the Russian border, I will get arrested or at least be given a penalty. If I’m as much as saying hello, or take a picture of the Russian border police, this action will have consequences.
Even for ordinary Russians the area close to the border is forbidden, thus strongly guarded from both sides.

Still, if you want to take a close look at Russia I’m suggesting that you follow the border to a point called treriksrøysa (three nations mound of rocks). The borders of the three nations Russia, Finland and Norway divide this pile of rocks (flower on the map).
But you can’t even touch a Russian rock…..

…bortsett frå EIN DAG I ÅRET.
Og denne dagen var forrige laurdag.

Då deltok me på eit vennskapsskirenn med start i den vesle landsbyen Rayakoski.
Traseen starta i Russland, kryssa grensa til Finland, passerte treriksrøysa på norsk side og enda i tilbake i Rayakoski.
(ca slik som på biletet)

…except from ONE DAY EVERY YEAR.
And this day happened to be last Saturday.

This day we participated in the friendship skiing-race hosted by the small village Rayakoski.
We started skiing in Russia, continued to Finland, passed on the Norwegian side of treriksrøysa before we went back to Rayakoski.
(almost like on the map).

Så klart må ein gjennom toll-systemet, og skaffe visum og greier, men dette er fullt lovleg!
(og ikkje så vanskeleg heller)

I morgon kjem fotoalbum!

You have to go through the Russian border-station, an have visa and stuff, but this is easy, and totally legal!

Photoalbum will be published tomorrow!

Kommenter innlegget

Filed under Russland, Ymse greier / stuff

Hjarte..mb

..frå forrige, forrige veke…så klart!
from the week before last week…of course!

Kommenter innlegget

Filed under Måndagsbjørn

-nordlyset!

ja, eller berre den vanlege utsikten frå søppelspannet mitt;)

..or just the ordinary view from my garbage can;)

3 kommentarar

Filed under ...ska sei!, kjøkkenglas

Forrige vekes måndag of last week

Kommenter innlegget

Filed under 1