Dronningreier – Queenstuff (now also translated!)

Så skulle dronninga komme på besøk. På ein søndag. Heilt ukomplisert. Eg skulle jobbe som vanleg, vere eit bra eksempel på bjørnelaboratoriet. Skulle helse høfleg, noko som eg øva litt på. Hadde til og med tint klar litt delikat blåbærbæsj for å vise fram. Og to bjørnebæsjkunstverk. I tilfelle ho viste interesse for slike ting..

Eg hadde kontroll.

Søndag morgon, stille og roleg. Eg var kome godt i gong med PCRen, og dompapen på fuglebrettet var kome godt i gong med solsikkefrøa. Det var god utsikt til vegen, og inga dronning var å sjå. Derfor tok eg nokre dompapbilete medan dei siste reagensane tinte. Finbukse. Finskjorte. Rein labfrakk. Fin dompap. Høyrde dempa stemmer, sjefen og kokken forbereda saker og ting. Måtte spegle meg litt. Skunda meg rundt hjørnet. Kjapp. Såg meg for akkurat tidsnok, og fekk stoppa akkurat tidsnok til å unngå å renne ned…dronninga. Jepp. Fekk ikkje tenkt på nokon ting. Fekk berre brukt augene: vesle, fine dronning med altfor store samesko. Sjefen si buldrande stemme. Presentasjonen unnagjort utan at eg eingong hadde opna munnen. Paff. Dronninga sine mjuke hender. Halloen ja. Ny hand. Ah, Vegard Ulvang, ja. Der var du. Tenkte meg nok det. Paff. Latter. Hoho. Jepp. Fleire folk: Ei kjempeblid eldre dame og ei yngre, seriøs. Og to vaksne menn. Som også såg kjende ut. Hadde dei frå nokon stad. Kor? Fekk ikkje tenkt ferdig. Den eine mannen kom sjølvsagt med eit rungande: «Takk for sist! Ja, meg kjenner du jo, haha, nei, jo det var jo litt seint då..». Andre mannen fulgte opp: «Hoho, kjenner du oss ikkje igjen» Eg, paff. Hadde eg vore nokon stad saman med desse dronningas menn? Seint på kvelden? Eg tok ingen sjansar. Dei kunne ha teke feil: Eg: «Johoho, neineinei…NEI, hugsar dåke ikkje, nei» Dronninga lo, Vegard Ulvang lo, dei andre lo og sjefen min lo veldig høgt og starta med å fortelje om laboratoriet. Eg tok med meg tenkeboksen bort til bjørneskiten. Den fine av blåbær. Mennmennmenn…kor kunne eg ha sett dei før??? Eit lite blikk opp på dronningfølget, og det gjekk opp for meg: Ein mørk kveld for ca to månader sidan stod desse menna oppstilt i bjørnelaboratoriet akkurat der dei stord no. Den gongen saman med tre andre menn. Vi vart kjapt vennar då eg fortalde om bjørneskit og vi diskuterte rovdyrregulering…åh for ein dårleg og glømsk venn eg var. Prøvde å vise dei med heile ansiktet at: “Ja, eg veit! Eg veit! No kjenner eg dåke igjen”

(huff dette vart litt langt, kuttar kjenslene frå no av)

Følget kom bort til min vesle bæsjestand. Dronninga vart svært imponert, ho tok bilete av den fine blåbærbæsjen som eg hadde lagt i handa for anledninga. Eg råda ho til å bruke macroen på kameraet. Utruleg kor det ligna på blåbærsyltetøy. Eg prøvde meg på eit forslag til practical pannekake-joke. Nokon lo. Heldigvis. Sjefen min lo ikkje, men fortalde og fortalde. Eg fortalde littegrann. Vegard Ulvang var raud i kjakane, og den fine eldre dama var lyse-pudder-rosa i kjakane dronninga var brun og fin. Dei fortalde entusiastisk om den ti mil lange skituren sin som hadde vart i fire dagar. Dronninga kunne fortelje at den unge, seriøse dama “synes hun hadde spottet en elgokse”. Og at ho sjølv hadde hoppa høgt då ein tiur kom flygande opp frå under snøen like ved ho. Vegard Ulvang hadde sett gaupespor. Slikt kunne ein kjennar seie med sikkerhet.

Og då dei på dette tidspunktet forlot laboratoriet, fekk eg endeleg sagt takk for sist til mennene og ja, seint på kvelden…hehe…her går det bra, ja…eg kjenner jo dåke såklart igjen…(heldigvis)…for dei hadde jo hugsa meg så godt..

Kva var no gått dronninga hus forbi?
Jo: Bjørnebæsjkunstverket.

Dronninga viste jo spesiell interesse for det. Ho fotograferte og alt ting..og derfor…
Kjapt signerte eg to fine, nummererte og ga dei namn. Oppi kvit konvolutt merka med namnet til dronninga.

Litt seinare møtte eg den eine vennen min i gongen, og han lova å ta med konvolutten til dronninga. Hurra.

Seinare viste det seg at: Det er uloveleg å gi konvoluttar til dronninga. Flott.

Det gjekk rykter på måndagen om at dronninga hadde fått ein mystisk, kvit konvolutt. Politiet hadde visstnok reagert med panikk. I følge kokken. Rykter er kjedelig.

På samme måte som bloggen er hemmeleg er også bjørnebæsjkunstverka hemmelege.
Trur eg sluttar der. Er ikkje så god på konklusjonar.

Fortsetjing:

https://bjornedetektiven.wordpress.com/2011/02/02/dronninggreier-ii/

Engelsk versjon:

Oh, such a long story. It’s only about last Sunday, when the queen of Norway visited the laboratory where I was sitting working.

All though I knew she would visit, it came in a way like a surprise and I almost ran her down since I didn’t see the car arriving. She was surprisingly tiny, and was wearing some huge sami-shoes made out of reindeer-skin. Despite all the practice I had done in advance for presenting myself, my boss did it even before I had opened my mouth. Also a famous Norwegian skier was present, and two guys who told me that we knew each other. I told that I didn’t recognize them, and people found it funny. In fact I probably would have recognized them if it was not for the queen and these people that had made me a bit confused.

The two men had visited the laboratory some months ago, where I had guided them. And in the end we were discussing politics, and became quite familiar. And stupid me had forgotten their face for the one important second.

The queen was shown a bear-poo of blueberry, and she photographed it. I gave her an advice about using the macro-function. I called it “you see that little flower queen”. She found the poo similar to blueberry jam, and I proposed an idea for a practical-pancake-joke. Somebody laughed. Fortunately.
The queen-parade (of about six people) told about their ski-trip of 100 km that had lasted for four days. They had spotted elks, wood grouses and had even seen the tracks of a lynx.

When they left the laboratory, I told the two men that of course I recognized them. And we said “takk for sist”, that is the most common thing to say when you’ve spent some time together in the past.

Sometimes I make art out of bear poo. Yep.
And I decided to give some art to the queen. I mean she showed some interest in it by taking pictures and stuff. I put two beautiful ones into an envelope, and wrote the queens name on it.

Later I met one of my “takk for sist”-friends in the hall, and he promised to hand the envelope to the queen. Hurrah.

At this stage I just have to say: It is not legal to give any kind of envelopes to the royals. Great.

Rumors say that the queen received a mysterious envelope. Rumors also talk about some policemen that went crazy.

As this blog is a secret, the bear-art is also a secret. Not for crazy policemen and such. Great.

Let this be the conclusion

Advertisements

2 kommentarar

Filed under ...ska sei!, Fine folk, Jobb

2 responses to “Dronningreier – Queenstuff (now also translated!)

  1. Jan

    Det hørtes jo ut som en trivelig søndag! Du får hilse neste gang:)

  2. Tilbakeping: Dronninggreier III | bjørnedetektiven's Blog

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s