Hey, ikkje for seint!

Då eg er så heldig å kjenne ein ekte gartnar (Marianne), får eg også vere med på gartnar-greier. For eksempel såing av gulrotfrø.
For at du skal kunne gjere dette heime: Her kjem ein liten beskrivelse av korleis, korleis, korleis..

gartnarkontoret

Først må du samle mjølkekartongar.
(Dette er ein lett sak for meg, då det er fleire mjølkekartongar enn bestikk og glass til saman på kjøkkenet mitt. Til pynt så klart!)

Skjær av botnen (slik at det vert ein tube).

Set mjølkekartongane i ein behaldar, og fyll opp kvar kartong med jord (blanda med litt sand).

Lag tre riller i jorda og legg tre frø i kvar rille.

Med passeleg avstand.

Ni frø tilsaman.
nøyaktig med rett teknikk
Dryss deretter tre-fire frø litt tilfeldig rundtomkring i kvar kartong.

Lag gjerne eit lite namneskilt.

potensiell gulrotåker

Unge skogar kan sjå slik ut, eller ferske Viola Cornuta «Avalanche Bronze Lavender Wing» (ey..).
proffe plantar
Både vifteomnar og vifter regulerer for å gjere temperaturen perfekt.

Tilbake til saken: Ei jamn sanddyne må breiast over dei små gulrotplantene som enno ikkje er fødd.

Tolmod i ørkenen…

drivhusdyner

Du kan gjerne gi dei litt regn å sove på. Men ikkje for mykje vatn, for det er først då ei plante får blad at ho treng det mest.

Legg stille og forsiktig plastfolie over…

Det kjem kanskje til å danne seg litt kondens på plastfolien. Dette er eit teikn på at frøa har det godt.

Slik ser ei låst dør ut. Med håndtaket litt opp.

klikk

Deretter er det berre til å vente på spirene. På dette steget kan du gjerne synge.

planteheimen

fortsetjing kjem..

Advertisements

Éin kommentar

Filed under Fine folk, spirings

One response to “Hey, ikkje for seint!

  1. Hugs å vaske mjølkekartongane godt med såpe før du brukar dei!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s