Gjekk ein tur på Fløyen..

…og rygga ned igjen..

Bergen er ein bra by. Og festplassen er ein bra plass.

På festplassen står det festfolk i blant.

festplassen bergen

Midt i byen står det eit festfjell, og det er Fløyen.

Dersom du treng ein pause frå byens tjas og mas bør du ikkje gå på Fløyen, for her er det om mogleg endå meir av den sorten..

På veg opp vil du møte ein heil masse tjas..

..og dess høgare du kjem dess meir folksamt vert det. Folk går i kø..

…og slepp seg heilt laus. Vaksne vert som barn. Leikar tikken og klatrar i store edderkoppnett.

På toppen tek dei seg ein pause, spiser is og mysar etter Stord..

…og dersom dei ser opp, får dei auge på ein nystemt song.

(Jeje…poenget med denne posten var eigentlig at nokon skulle synes synd på meg. Fordi: På vegen ned streika kneet mitt. Entan greidde eg å gå veeeeeeldig seint med nasen vendt nedover. Eller så kunne eg velge å gå relativt kjapt baklengs. Sidan kjærasten min måtte skunde seg heim for å gjere ein jobbtelefon syntes han ikkje i det heile tatt at det var flaut å småspringe arm i arm med ei Mari som heldt på å le seg ihjel, baklengs. Og fløybanen vart ikkje aktuelt å ta: «Hallo, vi er jo ikkje turistar!»

Men vent, det er ikkje synd på meg endå…. To dagar etterpå då eg vakna opp i bjørneland, verka ikkje beina mine. Leggane hadde teke etter knea og dermed slutta å virke. Em..og dette varte i tja..fire dagar? Eg vart ein klagande zombie i fire dagar. Ja, em, det var eigentlig det heile. )

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under bergen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s