Fugletur II

Forrige års veldig spennande fugletur
vart berre småfisk i forhold til dette årets fugletur.

Vi møtte opp på Nyrud

Veret var ikkje betre enn slik midt på treet…

…og fuglane i kikkerten var ikkje betre enn slik midt …øh, i elva…

Utsikten var den samme som i fjor:
-Russland i bakgrunnen (natur og grensestolpe)
-Tyskerbrua i forgrunnen (rust og forsvinnande lite fuglar…)

Vi køyrde frå den eine berømte fuglelokaliteten til den neste.
Og for å gi eit eksempel: For tre dagar sidan vart det registrert heile 105 sangsvaner i Pasvikelva, og på vår «fulgetur» vart det registrert nøyaktig….ei!

koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-

Terskelen vart i grunnen ikkje så veldig høg for å bli dagens helt.

Og helterolla dumpa Maria oppi. Fordi: Dagen før meinte ho at fiskestenger moglegens passa på fugletur. Og dermed: Heilt helt.

På Noatun heiv me uti våre fine, bittesmå fiskeslukar, og med eit lite plopp endra turen karakter. (Jepp, frå 100% fugl til 100% fisk. Frå 50% negativ til 150% positiv.)

Turisten frå Mallorca måtte halde seg i grensestolpen då eg slapp uti igjen ein gjedde på ca 1kg. Optimistisk fortalde eg han at den var for liten…

…og Mallorcanaren skulle ikkje bli skuffa…

Øyvind halar i land si største gjedde nokon sinne.

«Verdt å vite»-fyren sin første fisk. Ein solid abbor.

Maria kan rapportere om meir fisk medan «v&v»-fyren tar knekken på si første gjedde.

Joda, her kunne ein skrive opp 6,7kg. Han andre fyren på bildet hadde ein fantastisk oppfinnelse på merittlista si: Datakortet. (Sjølvaste.)

Radio-mannen vart heilt ivrig då gjedda ikkje ville på land…

..og Paul tok opp kampen..(begge vart ganske blodige etter dette møtet)

Så, resultatet vart: 6 gjedder mellom 3 og 7 kg.

Den lange tilbaketuren gjekk ganske kjapt..
…med caravellen full av gjedde.

Og: Ikkje ein einaste fugl på vegen heim…
Forest

Advertisements

4 kommentarar

Filed under Fine folk, Russland, Ymse greier / stuff

4 responses to “Fugletur II

  1. Terje S

    Fin gif til slutt. Har vært med V&V på grottetur, og på ungdomssamling på Hallingskeid med Datakortmannen! Når blir du å høre på V&V?

  2. bjornedetektiven

    Takk, det er slik at du kan sjå etter fuglar du og;)

    Kult, du er jo grottespesialisten!

    Ungdomssamling? Eg ser verken på deg eller Mr.Datakort som ungdommen n.t.d…

    Og, nei, eg vert ikkje å høyre. Verken eg eller nokon andre på laben.
    (Sjølv om eg høyrde at v&v-Ivar spurte sjefen om å få snakke med oss labfolk..)

    • Terje S

      Dette var i min ungdoms glansdager- 2000! 🙂 Og mr. datakort hadde med seg sønnen som unnskyldning for å prøve å starte opp ungdomsforening i Kirkenes. Nemlig! 😉

      Syns at sjefen burde la labfolkene bli intervjuet også, man intervjuer jo uansett ikke en bjørnedetektiv hver dag heller da…

  3. bjornedetektiven

    Ungdommen då til dags vert vel det;b

    Hm, det må eg sei..
    Nokon folk har det med å starte ting.
    -beundringsverdig!

    Ein bjørnedetektiv er ikkje betalt for å svare på spørsmål veit du;)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s