Ei ny verd – a new world



Tenk deg ei blågrå, aude verd. Tjukk luft fyllt av kvite partiklar og ein og annan svevande hårdott. Lydane er lågfrekvente murringar og seige dunk. Du sjølv føler deg vektlaus under skyene som liknar store kvite magar høgt der oppe på den blanke himmelflata..

(Og no må eg sitere eit rop frå godt-over-midnatt-Ricks, ein gong dei sette i gong: «New York, New York» på høgtalarane.)

«EG VAR DER I GÅR!!!!!»



Jepp, dykkerkurs. Bassengtrening. Ting eg helst ikkje ynskjer å sjå. Er dette så godt gjennomtenkt?

Då kajakkpadlingsvertigo pluss diverse gummibåtskantringar i eit kvartmeters djupt tanghelvete har gjort sitt til at eg har valgt det tørre element, vart dette faktisk eit steg i HEILT feil retning.

Men på den andre sida er eg jo (dum som eit brød) ikkje typen som seier nei.

Og eg vert uendeleg takksam i etterkant dersom folk tek meg med på greier.
-Ja, Jotunheimen?
70km luftlinje 3dagars steinklatrejogging? Innom alle toppane, ja?
-Kjekk tur det;)

Så når fine Trine og franzi Franzi vil ha ein med på havets bunn, ja, så seier ein jo ja.

f…….ortsetjing følger garantert!

Advertisements

3 kommentarar

Filed under Ukategorisert

3 responses to “Ei ny verd – a new world

  1. :D…….d blir digg!!!

  2. føniks

    bare du kommer opp igjen så..;s

  3. bjornedetektiven

    K: Hadde tenkt til å komme opp igjen, ja.

    Men kan ikkje garantere i kva tilstand..;)

    T: Jahaha… så lenge eg får lufta ut frå beina mine!

    Følte meg som ein juletrepynt der eg hang og dingla med beina opp…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s