Sommar – Summer

..ein skal aldri klage på véret, og no er det sommar.

Ting skjer.

Ein bjørn heldt på å kollidere med Judith.
Bjørnen ante fred og ingen fare, og skulle berre krysse vegen.
Og Judith kom syklande så fort at ho ikkje ein gong trong å trø.
Heldigvis såg dei kvarandre i siste liten, og begge fekk bremsa litt.
Ingen skade skjedd.
Kun ein lettare sjokkert bjørn, og ei lukkeleg Judith.

To danskar mangla tv for fotballkampen.
Då eg skulle sjå kampen hos Maria, kunne danskane låne stova min.
Øl i kjøleskapet.
Eg kom heim til ope dolokk.
Og to 45 minuttars strikkesokkar.
Frå Kurt og Ulla.

Pakke har kome i posten.
Full av gratis TING frå bokklubben.
Skjerefjøler, kaffekoppar, vérstasjonar, fuglebøker, matbøker.
Berre fordi eg meldte meg inn i ny klubb.
Eg er svært dårleg på å avbestille.
Eit kupp.

Bursdagsselskap som alltid.
Mi første marsipankake.
Mogleg GIF-materiale.
Fall i smak.
Fem kaker i tillegg frå gjestane. Pluss fruktsalat.
Eitt bursdagskort sa «ma petite mari.»
Heilt greitt det.

Bjørneskit vart innlevert.
Og ein hårprøve. Frå Steinar.
Judith sin bjørn.
Grasskit.
Stappings i lite røyr som vanleg.
Eg måtte lukte to gongar.
Det viste seg at skiten lukta fuktig yttertelt i morgonsola.

Borga mi er snart komplett.
Manglar kun vatn i vollegrava.
Og ein slik «Holy Grail»-mur.
Har «Holy Grail»-hest.
Mino skal velje fisk.
Eg må balansere på plankar for å komme til inngongsdøra.
Desse kan heisast opp ved angrep.

Kun skrift i dag.
Malin har eit kamera.
Eg har ein mobil.
Enn så lenge.
Prikk prikk prikk.

Advertisements

Éin kommentar

Filed under Fine folk, Jobb, Ymse greier / stuff

One response to “Sommar – Summer

  1. …vollgrava e fin den,
    om du har mobil…
    …d kan diskuteres…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s