Konfektkalas

(Det ser ut som konfektlaks i overskrita..menmen..)

Motivasjon? Prioriteringar?

Vanskeleg å seie.

Det hendte vel allerede då julekalenderen snubla på første langside. Ikkje eingong haltande galopp. Faktisk ein tryn. Og rull litt tilbake. Men Münchhausen gjev seg aldri. Seier ikkje meir.

Uansett.

Startar året som ein heilt vanleg bloggperson, og smell til med kongen av bloggtema: Sjokolade.

Denne førjulstradisjonen (som vi nordboarar hadde då det var -35 ute) kan like godt vere ein vintertradisjon.

Prøv sjølv!

Så kva treng du? Jo.

• Ei pølse marsipan.
Ikkje slå til med dansk luksus, men vel heller norsk og billeg. Coop, eller noko.

• Nugatti.
Opprinneleg var det nougat i vandreoppskrifta (oppskrifta som eg meinar kjem frå kule marie si kule veninne). Men både nougat, nugatti..eller sjokade er bra. Berre ikkje hapå, peanøttsmør eller banos.

• Opphakka nøtter.
Litt hassel, litt val. Kjenner du nokon med allergi, så ville dei ikkje ha ete marsipanbrød i utgangspunktet.

• Pistasj.
Opphakka. Viktig. Ikkje spør.

• Opphakka tørka frukt.
Aprikosar. Tranebær. Fiken funkar også fint. Det spørs heilt kva du likar. Sukatar. Sukatar? Mulig at grensa går på sukatar. Vi skal ikkje lage delfiakake her.

• Sjokoladeplater.
Mørke

• Sølvpapir

• Pynt

Først skal du kjevle marsipanen ut til ein stor firkant. Bruk litt mjøl, og snu ofte, så klistrar det ikkje.

På denne store firkanten smør du eit jamnt lag med nugatti.

Og deretter så dryssar du og dryssar du opphakka greier utover.
Slik:





Gløymde ein ganske så essensiell ingrediens, nemleg konjakk.
Pøs konjakken over nøttelandskapet.
Lag gjerne spruteflaske med påfyllsmoglegheit:


No skal du tenke at du lagar skillingsboller, og berre rulle i veg:
(trykk gjerne på biletet for stemningen i stort format)

Medan vi prata og rulla laga vi drinkar.

Den ufortynna, usukra moltelikøren min var perfekt 50/50 saman med lakka frå polet.

Konjakkmarsipandrinken til pernilla var perfekt på eigahand:

Det var inga tunge, men mange små marsipanbrød som kom denne smelta sjokoladen til unnsetning.

Marsipanbrøda våre kunne nestan ikkje vente.

Maria pynta det eine brødet sitt heilt utruleg vakkert.

Vi måtte vente på at dei sjokoladetrekte marsipanbrøda skulle tørke før vi kunne pakke dei inn i sølvpapir.

Medan vi andre venta, prøvde beate å hypnotisere mino med songen sin.

Det greidde ho lett som berre det.

Vi andre forstod ikkje heilt kva som skjedde, før det var for seint.

Då hadde mino blitt til fido, ein bjeffande hund som snart sovna foran peisen.

Advertisements

4 kommentarar

Filed under Fine folk, mat, Mino Løvetann, Ymse greier / stuff

4 responses to “Konfektkalas

  1. foniksbergen

    Folk som fikk plombert jekslene pa 70tallet boer vel holde seg unne Maria sitt..

  2. bjornedetektiven

    Korleis får ho det til? Karamellar?

    ..forresten, er det ikkje rart korleis maria er ekspert på vandrande oppskrifter? Eg meinar, ho tilføyer ein liten ting og der sit ho på verdas beste oppskrift.

  3. Terje S

    Dæven, den konfekten såg mektig ut! Fin oppskrift! 🙂

  4. bjornedetektiven

    Og den er heilt fantastisk gøy å gi bort!

    Gi beskjed når dåke har prøvd den ut;)

    PS Ricoh GR III… ikkje endå, men eg håpar snart..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s