Hyttetur, hyttetur…englar byksar elleville ut frå skur.

(Bilete vil komme, og dersom du er mot alkohol, eller har god biletleg fantasi treng du ikkje å lese vidare…)

Joda, eg har vore på hytteturar før. Og joda, dei har vore veldig gøye.

Men.

Var på hyttetur i helga. Skal vere kort.

Det hadde vore fullmåne kvelden før, men no hadde skyene overteke véret. Eg hadde som vanleg stappa bilen full av tilfeldige uviktige hyttesaker, og gløymd viktige saker som kniv heime. Etter liten køyretur innover dalen, fann vi scooteren som stod og venta på oss. Tre lukkelege, forventningsfulle fine folk freste i full fart innover skogen.

Reinskav, eller käristys (uttales garristuss) er ein perfekt hyttemiddag. Oppskrifta på denne retten fekk vi frå sjefen på Joker, Gerd. Joker er den beste butikken i heile Bjørneland (sorry coop). Og Gerd er ganske høgt oppe på rankingen ho også. Oppskrifta som inneheldt både hemmelege ingrediensar og lure triks, leia oss uerfarne til ein kjempesuksess. Ja, det var oss uerfarne som laga middagen, medan den erfarne blant oss måtte versågod sitje og slappe av og følge med frå avstand. Derifrå kunne også den erfarne nyte det utrulege synet som denne hytta var. Kvar einaste hylle og krok var laga av tjukke trær som bøygde seg heilt naturleg for å lage, ja entan ei hylle eller ein krok. På bordet var det limt fast nokre skifersteinar, så middagsgryta kunne berre plasserast lett som det. Käristys, versågod!

Resten av fredagskvelden hugsar eg kun i bittesmå porsjonar: Tom Waits på iPoden – Absinth – Ved i ovnen – Premium russisk vodka – Skrål og skål – Meir absinth – Fokusere – Ojojoj – Treffe posen – Drikke vatn – Treffe posen – Drikke vatn – Finne senga…

Jaja.

Med hyttetur høyrer det til ein liten skitur på dagen. Uansett form og form. I Bjørnelandet snør det mykje og det held seg kaldt. Dette fører til at snøen vert djup, og legg seg svært lite tettpakka. Det er grenser for kor mykje ein scooter kan pakke saman snø, så skituren i scootersporet vart ein seig affære. Uansett, litt sol og lite oppoverbakkar gjorde sitt til at stemningen heldt seg bra. Då allikevel oppoverbakkane byrja å melde seg, måtte skia av for å oppretthalde framgongen og stemningen. Vi oppdaga då akkurat denne lause Bjørnelandsnøen på kroppen: Heldt vi oss på scootersporet, kunne vi vasse til knea. Men tråkka vi litt utanfor sporet, forsvann alt feste og vi forsvann ned i snøen. Det vart ein hard jobb å komme seg opp. Heldigvis hadde vi gamarsjar og tette klede.

Tilbake ved hytta venta eit bål på oss, og kaffi, og ein dram (ikkje for meg, nei, neitakk, ikkje i dag, øh, ikkje no vertfall, øh, har me vatn?). Skogsbål er utrulege. Ein kan lempe på heile hoggestabbar. Dei knitrar først litt motvillig, og er deretter heilt boblande med på å vere ved.

Middagen denne dagen var elgsuppe laga av den erfarne blant oss. Og akkurat det var veldig tydeleg. Fordi suppa var veldig veldig god. OJ, SÅ GOD DEN VAR. (Her i skrivande stund romlar magen min..).

Skyene hadde forsvunne, og stjernene var veldig tydelege. Månen låg bak ein haug og var, som oss, passe full. Eg var med på røykepausar. Det var lurt. Vart fortald at cassiopeia er ein «W». Og at Orion har ein boge og siktar på det som eg trudde var Lillebjørn. Men, så feil kan ein ta. Denne vesle stjerneklumpen som du ser best om du ser ein annan veg er faktisk Pleiadene. Pleiadene er ein gjeng med jomfruer som (jomfru-)føder nye stjerner. Dei nyfødte stjernene er blåaktige, medan høgre skuldera til Orion er raudaktig, og moglegens allereie daud. (Alt ein kan lære i røykepausar!)

Før desserten vart badstua varma opp, saunaen, eller badet om du vil. Dette varme rommet er kanskje det aller beste med heile Bjørneland. Spesielt om du sit der med bra folk, som likar å ha det sånn passe varmt. Det er som å sitte inni ein stor sovepose. Og det varmar heile kroppen, frå innsida. Ein varmar seg, varmar seg, varmar seg. Og deretter går ein ut i eit pauserom og preiker og drikk øl. Vi henta fram tre øl av merket Flying Dog (som eg hadde drukke i Pittsburgh), og fekk då ei spennande øloppleving i pausen.

Badstu kan gjere deg så varm at du får lyst til å rulle deg i snøen. Ja, eller lage ein engel. Som eit lite snøstempel. Dette fekk dei andre lyst til. Ja, eg også. Vi sprang ut etter tur. Sosial utan klede i badstu er ein ting, men sosial utan klede i engelpositur er litt annsleis. Derfor: Etter tur. Og eg var sist. Veldig varm. Satt og venta på min tur.

Ok, engel foregår slik: Ut den første døra. Du dampar i den kalde lufta, og skrik gjerne «iiiiiiiiiik». Deretter spring du baksande ut i måneskinnet, ser etter ein jomfrueleg snøbakke, og hiv deg på rygg. Du skrik gjerne litt igjen medan du prøver å lage englevingar med armane, og kjortel med beina. Dersom du bøyer deg fort opp er det nær sagt ingen sak å komme seg tilbake på scootersporet, og springe inn att i den heilt utruleg herlige varmen. UTRULEG gode varmen.

Min tur kom. Etter eit djupt, varmt innpust, starta eg med eit «iiiiiiiiiiiiiiiiiiii» og satte ut døra. Kald luft. Kaldtkaldtkaldtkaldt…sprang lett bortover scooterløypa, og såg meg ut ein fin, bar snøflekk. Eg tok eit steg fram, for så å snu meg. Men å snu meg, det rakk eg aldri. Beinet mitt, og deretter halve kroppen min forsvann ned i den djupe, lause Bjørnelandsnøen. Foten min skrapa borti noko vondt langt der nede, og resten av kroppen? Totalt iskald frå tå til øyre. Eg prøvde å bøye meg mot scooterløypa: Først lett – nei, så tyngre – nei, og deretter av all mi kraft – men nei. Tok meg ein liten tenkepause. Tilstandsrapport: Ånei… Og deretter tok eg til å kave og kave i snøen, og greidde tilslutt å få magen opp på relativt fast scooterløypegrunn. Det var ikkje lenger noko «iiiiii», men heller «åh, kaldt, åh, åh, kaldt». Månen lo og lo. Veit ikkje kor lenge eg stod over ovnen, medan dei andre sat utanfor og pausa. At dei orka, å vere nokon annan stad enn i badstua. Badstua var jo den einaste staden. Staden å vere!

Eg sa ikkje kort, gjorde eg?

Kvelden i badstua fortsette, og etter å ha fått varmen igjen laga eg perfekte englar. Var blitt så herda at eg kunne ta ein kikk på stjernene. (Dette vart til ei twittermelding) Pleiadene, takk for sist, ja… Orion, skyt heller månen for meg!

Resten av kvelden, og natta og morgonen gjekk med til å lage ymse dessertar. Eg imponerte med klassikaren galliano/kaffi/krem, og andre imponerte med erkeklassikaren Irish coffee. Vi dansa og spela The Pretenders. Og lova kvarandre å alltid elska Chrissie Hynde. (Vertfall eg.) Då morgonen kom, var stemningen framleis på topp.
Oj, for ein kjekk tur tenkte me, og diskuterte kven som skulle bli invitert med neste gong….vertfall Chrissie Hynde..kanskje Patti Smith? Tom Waits…ville han eigentlig ha overlevd scooterturen?

Ja, så var det desse avslutningane som eg ikkje fiksar. Konklusjon, godt poeng, kva har vi lært?

Eg meinar at vi lærte: Meir hyttetur!!!

Advertisements

4 kommentarar

Filed under Fine folk, mat, på tur

4 responses to “Hyttetur, hyttetur…englar byksar elleville ut frå skur.

  1. Terje S

    Veldig fint hytteturreferat! Glad eg har god biletlig fantasi! 🙂

  2. bjornedetektiven

    Haha…ikkje våg deg! ;b

  3. Føniks

    Vorspielengler;b

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s