Dronninggreier II

Moderne balalaika. Høyres nestan ut som moderne jazz. Men du kan vel ikkje trampeklappe til moderne jazz? Det kan du til balalaika. Der ute sit publikum og trampeklappar. Blant publikum sit dronninga. Trampeklappar utan kåpe.

Kvar er kåpa til dronninga tenkjer vel du? Den kan vel ikkje henge i ein vanleg garderobe? Ei kongeleg kåpe blant dei daudlege jakkene? Neppe. Dronninga si kåpe må vel ha si eiga garderobe? Med eiga garderobevakt? Eiga kåpevakt?

Svar: Ja.

Kven er kåpevakta til dronninga?

Svar: Eg.

Altså. Fekk ein telefon då eg var på jobb. Hadde allereie takka nei til å vere med Maria til byen. Orka ikkje. Skulle tross alt køyre rundt på casiokids i eit heilt døgn dagen etter. Så der står eg på laben og noterer i skjema då telefonen min ringer. Det er Ida som spør om eg ynskjer ein rar jobb. Hm. Tenkjer eg. Nei, eg orkar jo eigentlig ikkje det. Kva var det då? Jo, du ser at Dronninga har ei kåpe. Javel? (i eit interessant tonefall som innbyd til vidareforteljing). Og ho treng ein kåpevakt. Hm. No skal det seiast at eg har veeeeldig vanskeleg for å seie nei. Og å avslå byturen med Maria såg eg allereie på som ein liten seier. For å ikkje øydeleggje denne seiersfølelsen (som kjennest ut som svært dårleg samvit), seier eg med sjølvsikker mine: «Nei, du. Hadde tenkt å vere heime i dag, eg. Lykke til!»
*klikk*
Eitt sekund gjekk. Tre sekund gjekk. Tenkte på dronninga slik som eg kjende ho. Labbande rundt i Vegard Ulvang sine samesko. Solbrune kinn og mjuke hender. Interessert og intelligent. Snill, og nestan ein ven av meg. Ja, ho hadde jo blitt ein ven? Og, kva gjer eg her? Seier nei til å passe på kåpa til ein ven!? Hey!?
*ring*
Jah, hei! Eg er kåpevakt! Så klart!
Åh, takk. Det var bra.
Jepp, eg kjenner ho litt. Snakkes!
Hade, ja.
*klikk*

Fjellhallen ti på sju. Fine klede. Genser frå Skottland. Ny sveis. Alle folk forbi forbi forbi. Her skulle det vere klar bane for dronninga. Dei som stod igjen var eit par vakter, politi, livvakter, sjefsvakt Anna og den kongelege kåpeansvarlege Mari. Dam-di-dam…
Varma hendene mine. Fniste litt og såg på Anna, ho smilte fnisande tilbake. Me er jo berre frivillige…oh, så heldige me er…hihi..

Skulle eg seie takk for sist?

Fantastiske Luba stod å venta litt lengre borte. Det var litt bråk og hoiing. Folk var tydeleg nervøse. For andre gong på kort tid kom eit menneske frå fylkeskommunen bort til meg og spurte om eg var klar. Full kontroll! Var det einaste eg sa. Og det var ein veldig effektiv skuldersenkar.

Brått vart det heilt, heilt stille. Eg kunne høyre dei usynlege fanfarane. Langt der borte i koridoren ved utgongen skimta vi dronninga…og starta ho å ta av seg kåpa?! Litt veiving fekk ho til å skjønne teikninga. Ho kom majestetisk gåande, låg veska kongeleg frå seg på benken, og svippa kåpa elegant av seg. Deretter såg ho meg i augene. Hei. Hei. Ga meg kåpa. Såg meg i augene igjen. Eg kunne ikkje sjå om dei solbrune kinna var der framleis, men pudderbrune var dei vertfall. Kunne kjenne begge hendene hennar under kåpa som ho varsamt ga til meg. Som ein liten leik. Kven sine hender under kåpa? Jo, dronninga sine! Lett å kjenne att. Begge to. Mjuke. Takk. Takk sa eg. Berre. «for sist» hadde sett seg fast i magen min! Viktige folk rundt på alle kantar. Kåpevakten såg berre dronninga si kåpe. Alle dei viktige folka lo dempa, er usikker på kvifor… hm-hm-hm-hm-hm…før heile dronningfølget forsvant inn på konsert.

Her sit eg no.

Skalden Mari og den kongelege kåpa.

Den tittelen går det an å lage ein tone til. Eller eit eventyr.

Korleis skal dette ende….?

Kjem dronninga nokon gong tilbake frå konsert? Vil «takk for sist» endeleg løsne frå magen og havne der dei høyrer heime, nemleg i dronninga sine øyrer? Håpar det.

(Dronninggreier I)

Advertisements

Éin kommentar

Filed under ...ska sei!, Fine folk

One response to “Dronninggreier II

  1. Tilbakeping: Dronninggreier III | bjørnedetektiven's Blog

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s