Dronninggreier III

Skrive på laurdag.
Animasjonane og bileta er laga i dag.


MERK: Dette er ein føljetong.

Første del finn du her: Dronninggreier I

Andre del finn du her: Dronninggreier II



No har det gått ei stund. Dronninga har kome på avstand. Barentsspektakel har ikkje. Det er overalt heile tida. Her. No. Vindaugeplass på surf&turf. Et ingenting. Drikk kaffe. Svart. Lydane er dempa. Temperaturen er dempa. Humøret er dempa.

Skal fortelje korleis historia endte. Kåpeberaren. Den kongelege. Meg.
Prøvde aldri kåpa på. Det hadde vore ein forbrytelse. Faktisk.

Anna låste kåpa inn i ein garderobe for meg. Ville sjå litt på åpningskonserten. Eller kunsten. Eller kva i alle dagar. Balalaika?

Sneik meg inn i mørket og fekk utsikt over scena. Scenegolvet hadde utforming som ein brytebane. Publikum sat oppover i amfi rundt på fire sider. Seks brytarar låg på scenen. På magen. Rundt i ein stor ring. I midten stod (hold deg fast) sjølvaste Actionman.
Dei solbrune, muskuløse armane heldt rundt eit (igjen) trekkspel!

-veit ikkje eg..

Han stod ikkje stille lenge, men starta å springe rundt og rundt, fortare og fortare, spelande og spelande, syngande og syngande. Brytarane kom seg på beina, eller berre slo ein og annan salto. Dansa brytedansen til trekkspelmusikken*. Absurd. Totalt.

Heldigvis tok eg bilete. Heldigvis kan eg lage gif!

Photobucket

Under ekstranummeret jogga eg tilbake til garderoben. Kongegarderoben. Dronninggarderoben. Henta kjapt dronningkåpa. Kongejobben. Heldigvis tok Anna bilete!

Kongeleg kåpeberar

Dei imaginære fanfarane starta i hovudet mitt. Den usynlege raude løparen.

Dronninga var på veg.

Romanstil:

Den vesle dronninga nærmar seg kåpeberaren. Dei to får eit sekunds blikkontakt. Dronninga får auge på kåpa.
-Jeg må bare legge fra meg dette her på benken.
Dronninga plasserer ein blomsterbukett og ein ost innpakka i cellofan** på ein trebenk like ved. Beraren nikkar, og gjer kåpa klar for høytideleg pådressing. Dronninga forstår teikninga, og puttar høgre armen i ermet. Den andre armen går ikkje fullt så glatt i silkestoffet, og havnar mellom innerfôret og ytterfôret.
-Hihi, jeg er jo så liten.
Eg veit Dronning, eg veit, tenkjer beraren. Smiler. Seier ingenting. Dronninga trur at ho behøver å unnskylde seg, og snur ryggen til beraren for å gjere eit nytt forsøk. Venstrearmen havnar rett. Beraren pustar djupt inn, og då løsnar orda frå magen:
-Takk for sist.
Dronninga stivnar til. Snur seg sakte, sakte.
-Takk for sist?
Ho bøyer seg opp. Fram. Stirrar beraren djupt i augene. Beraren bøyer seg litt ned. Litt fram. Dronninga har blå auge. Venlege. Lure. Pynta. Stikkordet. Beraren kviskrar det hemmeleghetsfullt:
-Bjørneskit.
Dronninga sitt ansikt opnar seg i eit kjempesmil.
-Åh, er det DEG?!
-Jadda!
Beraren ligg godt an.
-Jeg har jo akkurat snakket om deg i lunsjen!
Beraren vert overvelda.
-H…har du?
Shit. Beraren seier DU.
-Ja, takk for sist! I vinter hadde du på deg en hvit kjortel!
Beraren skal til å svare at ved deira forrige møte hadde Dronninga hatt på seg Vegar Ulvang sine alt for store samesko. Men det er jo to DU’ar til. Og då vil det nok bli bemerka. Så beraren seier berre:
-Hmf!
Dronninga held seg i det pratsomme hjørnet.
-Ja, jeg har så klart tatt vare på kunstverkene!
-Har du??
Beraren hugsar brått den pinlege situasjonen som hadde oppstått ved forrige møte. Politi. Panikk?
-Oj, ja. Beklagar det. Det var verkeleg ikkje…
-Hå, hå…ikke tenk, tusen takk! Og det var jo så hyggelig. Ja, du må jo hilse masse til hele gjengen!
(Sa ho verkeleg hele gjengen? Hugsar ikkje heilt. Helse sa ho vertfall.)
Beraren tenkte over kva Dronninga hadde sagt:
-Ja DET skal eg gjere. Skal faktisk tilbake der i kveld, ein liten tur på jobb.
Dronninga ser seg diskrét omkring. Følget hennar som har stoppa opp glisar sine totalt forvirra glis. Glisar til Dronninga. Glisar til beraren. Glisar til kvarandre. Glisar til golvet. Til taket. Glisar.
-Ja, du dette var hyggelig. Takk for hjelpen. Ha en riktig fin kveld.
-Ja-ha, du og!
Shit, tenker beraren. Der sa eg DU igjen. I det Dronninga forsvinn nedover gongen kan beraren høyre at den klingande, syngande stemma gjentek i tydelige ord:
-Og jeg har samlet på kunstverkene!

Kunstnaren var svimmel og lukkeleg. Anna var imponert.


*Seinare på kvelden møtte nokon Dronninga under andre omstende. Og kven kan det ha vore? Sjå berre her.

Ska sei!


**Osten var laga av Ivar Øverli og den nydelege innpakninga i cellofan var det flittige Pernilla som hadde stått for.

- I FINNMARK KAN INGEN HÖRA DIG SKRIKA -pernilla

Det korte møtet med ein bjørnedetektiv sa den kongelege heimesida ingenting om.

Advertisements

5 kommentarar

Filed under ...ska sei!, Fine folk, Ymse greier / stuff

5 responses to “Dronninggreier III

  1. Terje S

    Du og du og Dronninga! 🙂
    Fann ei flott nettsie te deg me ein fin gif: http://graphikaddict.wordpress.com/2010/11/06/2535/
    Frå http://graphikaddict.wordpress.com/

  2. Føniks

    «Du dronning»! Kult;)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s