draum og sjukatt

Min draum.

Ja, dette er ikkje noko avsløringar av ein utopisk framtidsvisjon, men ganske enkelt kva eg draumde natt til i går.

Vi sat ein gjeng i eit partytelt. Fleire paralelle langbord. Sola skein frå utsida, og ga dei kvite veggane eit varmt lys. Det lukta av sommar. Ikkje for tørr, og ikkje for våt. Sommarlukta, den perfekte. Ei stong som heldt midten av teltet oppe var for kort. Taket seig ned. For å fikse på dette måtte eg setje saman to gullfarga boltar. Den eine av desse boltane skulle festast i taket, og den andre skulle festast i hovudet til ein person. Jesus meldte seg frivillig. Sjølv om han stod på tå greidde han ikkje å heve høgda under taket noko særleg. Han måtte stige opp på ei pappeske. Sidan beate og eg skulle opptre, hadde eg begge Ibanezgitarane i armane. Både beate sin sommarfuglgitar og Mr.Bjørn sin med kolibri, som eg har til låns. Då eg i tillegg måtte hjelpe Jesus med å halde balansen der han stod på tå, no oppå ei vinglete pappeske, vart det litt for mykje for meg. Den eine Ibanez gitaren skrapte nedi sementen, medan Jesus si mjuke hand pressa seg veldig hardt ned mellom skuldeblada mine. Oj, sa eg. Beate stod like ved og såg at det var hennar Ibanez, den med sommarfugl, som traff ei skarp rand i det dårleg støypte sementgolvet. «Det gjer ingenting, og Jesus greier seg også sjølv.» Eg vart svært letta over dette som ho sa, og fordi at det var akkurat beate sin gitar som skrapte. Ho hadde jo vore vitne til det heile, at eg gjorde mitt beste. Kva skulle eg ha sagt til Mr.Bjørn? Dersom det var hans gitar som hadde fått ei skrape? At eg hjalp Jesus med å auke takhøgda? Og derfor ei skramme i gitaren? Nei, beate skjønte heile situasjonen veldig godt. Ho overtok gitaren sin, som for anledningen var ein 12-strengers, og satte i gong med ein rå gitarsolo. Ho byrja ikkje på «Yesterday», som var den songen som vi hadde øva på. Då eg ikkje greidde å følgje ho på denne andre, kule songen vart eg så opprørt at eg vakna.

Ja, det var draumen.

Mino har vore litt sjuk dei siste dagane:

Advertisements

3 kommentarar

Filed under Fine folk, Mino Løvetann, Ymse greier / stuff

3 responses to “draum og sjukatt

  1. Føniks

    Jesus i drømmene…hmm..på tide å vende tilbake til vestlandet?

  2. Terje S

    Go beiring til pusekatten! Og han der Jesusen klarar seg sjøl… 😉

  3. Ja, Jesus greier seg vertfall i draumar. Men at han meldte seg som frivillig kunne eg jo ikkje hjelpe for..

    Katten er igjen frisk og rask. No jaktar han etter mus på skaren;)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s