Kanadaskogen

Så, kva var det eg sa? Jo, at eg skulle oppdatere.

Men så stakk eg på o-løp. O er ei forkorting for orientering. Ein kan seie o på samme måte som i. iPad iPod iMac o-sko o-kart o-bingo.

Køyrde 20 min rundtomkring i sentrum før eg fann rette utkjørselen til Fyllingsdalen.

Visste at eg skulle inn i ein tunnel, over ei bru…Puddefjordsbrua

20110825-005224.jpg

..og deretter inn i endå ein, skummel tunnel..

20110825-005502.jpg

Det pøsa ned, og eg sleit med å komme meg ut av bilen.

20110825-005629.jpg

Spesielt sidan eg måtte springe med dei fine fallskjermhopparskoa kjøpt i Miami.
Eg såg ein fallskjermhoppar bruke slike sko under ein o-leir på Voss ein gong.
O-skoa ligg på Stord.

20110825-005750.jpg

Når ein spring i skogen med o-kart og o-kompass prøver ein å konsentrere seg, og å ikkje legge merke til kor utruleg fin Kanadaskogen eigentlig er. Men sidan eg har brukt dei siste to åra på å legge merke til kor fint det var i Bjørneland, konstant, «og hei, var det der ei lavskrike?», er det ikkje lett å konsentrere seg.

Eg fann blåbær. Men hadde ikkje tid til å ete dei.
Eg fann kvit piggsopp. Men hadde ingen stader å samle dei.
Eg fann den finaste myra. Men hadde ingen kamera til å fange den.

Då eg på veg til første posten byrja å kjenne noko i mitt slitasjeskada kne, drylte eg like så godt (utan vilje) det andre kneet rett i ein stor stein. Ingen slitasjeskade lengre. Berre det.

I o-løp, når det ikkje er fine ting å sjå på, starter ein ofte å tenke på middagen: «Ja, restane frå i går…det vert jo ikkje gale i det heile. Slike grønnsaksting vert jo betre dagen etter. Hm..det hadde verkeleg passa med kvit piggsoppstuing til».
Eller ein kan synge på ein song. Ulik song etter terrenget.

Lett sti: Bob Dylans Santa song
Tung oppovemyr: Jag trodde änglarna faaaans.

I mål. Fallskjermhopparane fekk varige mén.

20110825-011850.jpg

Vegen heim vart litt komplisert med berre eitt funksjonelt kne. Funksjonelt og litt slitasjeskada. Klutsjing vart ikkje lett. Heldigvis fann eg stjerneparkeringa i min stjernegarasje: Bygarasjen.

Restematen vart heilt i orden utan sopp.

20110825-012453.jpg

Det kjem bilete av kneet i morgon.

Og dette innlegget er skrive på mobilen min. Eg startar i det små.

Advertisements

Éin kommentar

Filed under bergen, Orientering

One response to “Kanadaskogen

  1. Terje S

    Har jammen kasta meg på o-løp-greia jeg også. Merkelig greie det der. Og mye mindre sosialt enn jeg hadde trodd. Heldigvis drar jeg til og fra med venner, men med en slik brikke som en bruker blir det vel bare å slenge noen korte ord,, eller vise en stakkars eliteutøver hvor han er på kartet. Men gøy er det uansett!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s