Stor cowboyfest i lite cowboyland

Plutseleg måtte eg finne fram rutete skjorte og cowboyhatt. Og jammen fann eg ikkje heile tre hattar.

Saman med ein gigantisk pose marshmellows, kvikklunsj og ein retrochips køyrde eg mot cowboylandet med godt mot.

Skulle treffe folk, hestar og hundar som eg kjende.

Kjerstin var der, Blå og Vilde var der, Muffen var der. Bulldogen var ikkje der.

Bulldogen:

20110830-125237.jpg

Vi måtte gå frå stallen. Langs ein veg, vidare på ein sti, og inn i cowboydalen. Cowboyar kom ridande frå fjern og nær. Den raude sanden steikte gjennom sålane på cowboyskoa våre. Skiltet ønska oss velkommen, men skrifta av kulehol sa det motsette. Rundt saloonen stod stampande hestar. Dei prøvde å kjøle seg ned i skuggen av spreidte kaktusar. Eg tok av meg hatten slik at den vart hengande på ryggen. Løsna på dei øverste knappane i skjorta. Opna den første øla. Fortsatt kald.

Tøffe Kjerstin beholdt hatten på:

20110830-131700.jpg

Den steikande sola gjorde oss sveitte, og cowboymusikken gjorde oss lukkelege. Denne hunden var spesielt sveitt og lukkeleg:

20110830-144714.jpg

Jokeren prøvde ut nye måtar å ri på:

20110830-144859.jpg

Og då cowboyjenta og indianaren laga bål:

20110830-145026.jpg

Prøvde igjen jokeren nye måtar å lage bål på:

20110830-145144.jpg

Cowboydalens brannmann hadde full kontroll frå kjerra si:

20110830-212845.jpg

I løpet av kvelden lærte jokeren bort sine flammekunster til indianaren
(brannmannen likte ikkje det noko særleg). Det handla om sprit:

20110830-213002.jpg

Muffen og meg hadde lange samtalar om hundetypar. Han kunne fortelje at faren hadde vore svart elghund. Med ein slik krølla hale var det ikkje vanskeleg å sjå elghunden i Muffen.

20110830-213327.jpg

Alle kunne grille så mykje marshmellows dei berre ville:

20110830-214606.jpg

Og ete så mykje retrochips:

20110830-214800.jpg

Og fyre av så mykje ammunisjon at det lukta svidd:

20110830-215223.jpg

Etter at einmannsorkesteret hadde spela «Jolene» fleire gongar, vart det vår tur. Blant kareokesongarane fann eg ein som hadde gjort det før. På ei kvittering frå jernia hadde han ramsa opp aktuelle songar:

20110831-183957.jpg

Fekk aldri høyrt han synge. Veit ikkje kva som skjedde. Kor eg blei av. Men eg såg vertfall at han reinska halsen.

20110831-184436.jpg

Gjorde seg klar:

20110831-184754.jpg

Andre artistar:

20110831-184916.jpg

Og fleire artistar:

20110831-184955.jpg

Og eit kaffeuhell!

20110831-185134.jpg

Desse siste bileta berre låg på kameraet mitt. Anar ikkje kven som tok dei. Eg hugsar ingenting. Men eg var heldig. Cowboydalen ligg i rimeleg gåavstand frå mi farmor, så då eg ville komme meg heimover var det berre til å ta beina fatt. Finne grønnare stiar. Finne travlare bilvegar. Finne brattare bakkar. Og finne nøkkel på hemmeleg stad. Passere eit speil. Oh no!

20110831-190018.jpg

20110831-190050.jpg

20110831-190101.jpg

20110831-190117.jpg

20110831-190130.jpg

Dokumentasjon. Dokumentasjon. Dokumentasjon…

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under bergen, frotveit

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s