Sa eg bombe? Meinte eg flamingo?

20111019-161448.jpg


Carina skriv.


På eit fyr.

Det er ikkje uvanleg å skrive på eit fyr.

Utsira fyr.


Sir. Fyr.





Uff, korleis skal denne posten ende? …som ein sjarmerande dvergflamingo?

Nei, tenk!

Eg skulle besøke Carina på Utsira øy, der ho budde saman med omlag 212 sirabuar. Carina var på hei med alle menneska i vinden på veg til jokeren. På veg til ølnaustet. På veg til fyret. Snarvegen over kyrkjegarden. Fuglar i fleisen. Skiftande vér. Som i ein kaffikopp. På eit venterom. Med kølapp. På posten.

Det gjekk ei ferje til denne øya. 2 mil ut i havet. Voldsomme havet. Konstant Bjørnefjorden. Konstant Sletto. Konstant ope hav. Ferja var ein liten kryssar. Med opning for bilar bak. Eg følte meg ikkje utrygg eitt sekund. Yr sa storm. Kryssaren sa so what. Eg låg like vannrett som ferja. Konsentrert. Høyrde på lydbok. Stephen Fry las Anton Chekhov. Som ein intern spøk skifta eg til «Så lenge skutan kan gå». Det funka ikkje. Menneske som spydde i vinkel. Snart tomt for spyposar. Evert Taube kunne ha vore dråpen. Heldigvis redda Stephen Fry situasjonen. Frisk, russisk vinterluft.

Her kom eg for å varme eit fyr i storm. Eg hadde med bjørkeved til øya. Forfattaren Carina møtte meg på kaien. Kald og klar for ved. Lasset mitt var stort og tungt. Og fyret låg kun 2 km unna. Kun. No kan eg seie at Carina kjem frå Bjørneland. Og der er faktisk to kilometer ingenting. Som ein tur med bosset i Bjørneland. Bosset som vert henta to gonger i veka om sommaren. Dei kallar det bjørnetømming. Saknar eg bjørnetømming? Vettkje.

Heldigvis var vi frampå i den mørke haustnatta. Fekk haik av Torbjørn og…åh, no har eg gløymt kva ho heitte. Torbjørn hadde vore den siste fyrvoktaren på øya. Vi vart heilt salige av beundring. Og vi kunne bekrefte at ja, det var Carina som var kunstnaren i kunstnarboligen. Ja, det var eg som hadde teke med bjørkeved heilt frå Stord. Om vi visste om fuglefolket? Ja, kva var det han meinte eigentlig? Bombeveka? Var vi interessert i slike ting? Tja, jo… Om vi visste at det ein gong hadde landa ein dvergflamingo på Sira? Og om vi visste at den no stod utstoppa i naboleiligheten?

20111019-160253.jpg

Meir om bombeveke snart…

Advertisements

2 kommentarar

Filed under Fine folk, på tur

2 responses to “Sa eg bombe? Meinte eg flamingo?

  1. Carina

    Bombe-blogging, hurra! Og Bjørg, het ho!
    Eg skulle ønskje eg gjekk med ein båndopptakar på meg under heile opphaldet, sånn at me kunne lagt ut alle dei imponerte lydane her … Om ikkje Jan Kåre lagar dokumentarfilm, då GJER EG DET!

  2. Pasvikdalen, seier du? …..nnnnhhhhåååågggghhh!!!!!!!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s