Category Archives: bergen

Trav og galopp! 22

Ein travbane har to sider:

Eitt einaste digert bygg dekker den eine sida. Glasvindauge. I små luker kan ein satse pengar på hestar. Gode seter. Små bord mellom seta. Små lamper på borda. Sigarar og flosshattar. Dyre parfymar.

Photobucket

På den andre sida ligg fleire ulike bygg. Dei fleste bygga har store skilt: Store namn. Travtrenarar. Menn med fargerike oljeklede. Glinsande. Sjølvsikre. Det luskar hestar rundtomkring. Dei luskar i ring. Med og utan diverse ting. Utstyr på ryggen. Utstyr i munnen. I eit lite hus med sota vindauge mot travbanen luktar det kaffi. Hamburgarar. Komler. Hest. Hest. Hesteskit. Godt. Stall. Ein nykomling som kjøper seg ein kaffi, eller ei komle vert lagt merke til. Det kan vertfall nykomlingen føle. Med tippelodd i lomma. 50 kr på Leo One. Ligg i innersporet. Har så mykje meir å gi. Ligg fast mellom dei andre hestane. I begge rundane. Kjem likevel inn til premie. Alle er imponerte. Hesten er ikkje pålegg, men premiehest! Vi gler oss alle til om 14 dagar. 50kr skal fortsatt spelast på Leo då. Om ikkje 100kr.

Førsterunden gjekk kjapt:
Photobucket

Advertisements

Éin kommentar

Filed under bergen, julekalender, Ymse greier / stuff

Stor cowboyfest i lite cowboyland

Plutseleg måtte eg finne fram rutete skjorte og cowboyhatt. Og jammen fann eg ikkje heile tre hattar.

Saman med ein gigantisk pose marshmellows, kvikklunsj og ein retrochips køyrde eg mot cowboylandet med godt mot.

Skulle treffe folk, hestar og hundar som eg kjende.

Kjerstin var der, Blå og Vilde var der, Muffen var der. Bulldogen var ikkje der.

Bulldogen:

20110830-125237.jpg

Vi måtte gå frå stallen. Langs ein veg, vidare på ein sti, og inn i cowboydalen. Cowboyar kom ridande frå fjern og nær. Den raude sanden steikte gjennom sålane på cowboyskoa våre. Skiltet ønska oss velkommen, men skrifta av kulehol sa det motsette. Rundt saloonen stod stampande hestar. Dei prøvde å kjøle seg ned i skuggen av spreidte kaktusar. Eg tok av meg hatten slik at den vart hengande på ryggen. Løsna på dei øverste knappane i skjorta. Opna den første øla. Fortsatt kald.

Tøffe Kjerstin beholdt hatten på:

20110830-131700.jpg

Den steikande sola gjorde oss sveitte, og cowboymusikken gjorde oss lukkelege. Denne hunden var spesielt sveitt og lukkeleg:

20110830-144714.jpg

Jokeren prøvde ut nye måtar å ri på:

20110830-144859.jpg

Og då cowboyjenta og indianaren laga bål:

20110830-145026.jpg

Prøvde igjen jokeren nye måtar å lage bål på:

20110830-145144.jpg

Cowboydalens brannmann hadde full kontroll frå kjerra si:

20110830-212845.jpg

I løpet av kvelden lærte jokeren bort sine flammekunster til indianaren
(brannmannen likte ikkje det noko særleg). Det handla om sprit:

20110830-213002.jpg

Muffen og meg hadde lange samtalar om hundetypar. Han kunne fortelje at faren hadde vore svart elghund. Med ein slik krølla hale var det ikkje vanskeleg å sjå elghunden i Muffen.

20110830-213327.jpg

Alle kunne grille så mykje marshmellows dei berre ville:

20110830-214606.jpg

Og ete så mykje retrochips:

20110830-214800.jpg

Og fyre av så mykje ammunisjon at det lukta svidd:

20110830-215223.jpg

Etter at einmannsorkesteret hadde spela «Jolene» fleire gongar, vart det vår tur. Blant kareokesongarane fann eg ein som hadde gjort det før. På ei kvittering frå jernia hadde han ramsa opp aktuelle songar:

20110831-183957.jpg

Fekk aldri høyrt han synge. Veit ikkje kva som skjedde. Kor eg blei av. Men eg såg vertfall at han reinska halsen.

20110831-184436.jpg

Gjorde seg klar:

20110831-184754.jpg

Andre artistar:

20110831-184916.jpg

Og fleire artistar:

20110831-184955.jpg

Og eit kaffeuhell!

20110831-185134.jpg

Desse siste bileta berre låg på kameraet mitt. Anar ikkje kven som tok dei. Eg hugsar ingenting. Men eg var heldig. Cowboydalen ligg i rimeleg gåavstand frå mi farmor, så då eg ville komme meg heimover var det berre til å ta beina fatt. Finne grønnare stiar. Finne travlare bilvegar. Finne brattare bakkar. Og finne nøkkel på hemmeleg stad. Passere eit speil. Oh no!

20110831-190018.jpg

20110831-190050.jpg

20110831-190101.jpg

20110831-190117.jpg

20110831-190130.jpg

Dokumentasjon. Dokumentasjon. Dokumentasjon…

Kommenter innlegget

Filed under bergen, frotveit

Kanadaskogen

Så, kva var det eg sa? Jo, at eg skulle oppdatere.

Men så stakk eg på o-løp. O er ei forkorting for orientering. Ein kan seie o på samme måte som i. iPad iPod iMac o-sko o-kart o-bingo.

Køyrde 20 min rundtomkring i sentrum før eg fann rette utkjørselen til Fyllingsdalen.

Visste at eg skulle inn i ein tunnel, over ei bru…Puddefjordsbrua

20110825-005224.jpg

..og deretter inn i endå ein, skummel tunnel..

20110825-005502.jpg

Det pøsa ned, og eg sleit med å komme meg ut av bilen.

20110825-005629.jpg

Spesielt sidan eg måtte springe med dei fine fallskjermhopparskoa kjøpt i Miami.
Eg såg ein fallskjermhoppar bruke slike sko under ein o-leir på Voss ein gong.
O-skoa ligg på Stord.

20110825-005750.jpg

Når ein spring i skogen med o-kart og o-kompass prøver ein å konsentrere seg, og å ikkje legge merke til kor utruleg fin Kanadaskogen eigentlig er. Men sidan eg har brukt dei siste to åra på å legge merke til kor fint det var i Bjørneland, konstant, «og hei, var det der ei lavskrike?», er det ikkje lett å konsentrere seg.

Eg fann blåbær. Men hadde ikkje tid til å ete dei.
Eg fann kvit piggsopp. Men hadde ingen stader å samle dei.
Eg fann den finaste myra. Men hadde ingen kamera til å fange den.

Då eg på veg til første posten byrja å kjenne noko i mitt slitasjeskada kne, drylte eg like så godt (utan vilje) det andre kneet rett i ein stor stein. Ingen slitasjeskade lengre. Berre det.

I o-løp, når det ikkje er fine ting å sjå på, starter ein ofte å tenke på middagen: «Ja, restane frå i går…det vert jo ikkje gale i det heile. Slike grønnsaksting vert jo betre dagen etter. Hm..det hadde verkeleg passa med kvit piggsoppstuing til».
Eller ein kan synge på ein song. Ulik song etter terrenget.

Lett sti: Bob Dylans Santa song
Tung oppovemyr: Jag trodde änglarna faaaans.

I mål. Fallskjermhopparane fekk varige mén.

20110825-011850.jpg

Vegen heim vart litt komplisert med berre eitt funksjonelt kne. Funksjonelt og litt slitasjeskada. Klutsjing vart ikkje lett. Heldigvis fann eg stjerneparkeringa i min stjernegarasje: Bygarasjen.

Restematen vart heilt i orden utan sopp.

20110825-012453.jpg

Det kjem bilete av kneet i morgon.

Og dette innlegget er skrive på mobilen min. Eg startar i det små.

Éin kommentar

Filed under bergen, Orientering

Oh….artisjokk..

Må gjere…må skaffe ny heading…nytt namn går vel ikkje, men fornying, fornying, fornying…

På veg, på veg, på veg.

Det regnar. Eg bur innandørs.

Ny postkasse. To namn. Oss!

Mino bur ikkje her. Vestlandskatten min.

No…no…no…

Kommenter innlegget

Filed under bergen

Gjekk ein tur på Fløyen..

…og rygga ned igjen..

Bergen er ein bra by. Og festplassen er ein bra plass.

På festplassen står det festfolk i blant.

festplassen bergen

Midt i byen står det eit festfjell, og det er Fløyen.

Dersom du treng ein pause frå byens tjas og mas bør du ikkje gå på Fløyen, for her er det om mogleg endå meir av den sorten..

På veg opp vil du møte ein heil masse tjas..

..og dess høgare du kjem dess meir folksamt vert det. Folk går i kø..

…og slepp seg heilt laus. Vaksne vert som barn. Leikar tikken og klatrar i store edderkoppnett.

På toppen tek dei seg ein pause, spiser is og mysar etter Stord..

…og dersom dei ser opp, får dei auge på ein nystemt song.

(Jeje…poenget med denne posten var eigentlig at nokon skulle synes synd på meg. Fordi: På vegen ned streika kneet mitt. Entan greidde eg å gå veeeeeeldig seint med nasen vendt nedover. Eller så kunne eg velge å gå relativt kjapt baklengs. Sidan kjærasten min måtte skunde seg heim for å gjere ein jobbtelefon syntes han ikkje i det heile tatt at det var flaut å småspringe arm i arm med ei Mari som heldt på å le seg ihjel, baklengs. Og fløybanen vart ikkje aktuelt å ta: «Hallo, vi er jo ikkje turistar!»

Men vent, det er ikkje synd på meg endå…. To dagar etterpå då eg vakna opp i bjørneland, verka ikkje beina mine. Leggane hadde teke etter knea og dermed slutta å virke. Em..og dette varte i tja..fire dagar? Eg vart ein klagande zombie i fire dagar. Ja, em, det var eigentlig det heile. )

Kommenter innlegget

Filed under bergen

Andejakt – Hunting ducks

I Bergen lever veldig mange fine folk. Det er nestan så mange at det vert vanskeleg å tenke på det medan ein sit i bjørneland og stappar altfor store bjørneskit oppi altfor små røyr. For eksempel har ein Kari og Mina. Kari er stor og Mina er lita. Begge er heilt utruleg fine og greie.

Mina og Mino og Mina og Mino og Mina og Mino og Mina og Mino og Mina og Mino og Mina og Mino og Mina og Mino og Kari og Mari. (Mino er oppkalla etter Mina, men Mari er ikkje oppkalla etter Kari)

Denne dagen hadde dei bestemt seg for å prøve lykka på andelotteri, og eg slo følge. kvakkkvakk

(Då den fine kjærasten min høyrde om kva som skulle hende, forberedte han seg straks på andemiddag…ting han ofte tenkjer på: And til middag og jobb.)

Mitt eige dokument vart skaffa til veie:

Kryss fingrane for and nr. 470.

Mina, som ikkje akkurat er yngst på skulen, kledde seg i siste mote.

cool..


Det tok lang tid før endene vart sluppe fri, og vi plukka blomar i ventetida.

…og så var vi tøffe og hang på gjerdet..

..medan vi stod slik og kikka på elva byrja Kari å danse…typisk ho!

Nei, men så gammaldags…Mina kunne vise korleis dansing eigentlig skulle gjerast:

mina seigemann
Wow…….


Eg vart nøyaktig like imponert over begge to.

Og ENDELEG kunne dei sleppe endene fri, til stor jubel frå alle som hadde samla seg ved gjerdet.

Releasing the ducks!

Vi måtte springe som galningar for å halde følge, gjennom kyrkjegarden (der Hjalmar ligg begravd, han var litt streng og veldig koseleg då han levde). Og forbi bygningar..

..ved brua stoppa vi litt opp. Endene dreiv forbi rett under oss. Dei fleste låg midt i strømmen, medan nokre få hekta seg opp ved kanten…vi kunne såvidt skimte nummera på desse…..430, 411, 333, 347, 469, 176….hey, vent! 469??? Det var jo Mina sitt nummer! Kari var kjapptenkt, og heiv seg på ein redningsaksjon!


duck
Ein annan mann som ville redde si and overtok stafettpinnen…

Nede ved havet kunne vi kjøpe kaffi og kaker.

Endene vart fanga opp i eit nett:

Ved breidda låg det store haugar med ender. Mina greidde tilslutt å finne våre, og det vart dagens opptur. Hurra! Vi fann endene! Dei kom ikkje først, men vi fann dei! Hurra for oss! Og hurra for Mina!

2 kommentarar

Filed under bergen, Fine folk

Mr.Bybane (bak einkvar liten bybane..)

Eg var i Bergen på konfirmasjon og konsertar (Residents og Hurtigruten).
På flybussen møtte eg dette tyske mennesket som påstod at han hadde laga bybanen. Han hadde jo eit bilete av bybanen på mobilen sin…men er det godt nok bevis…..? Han kunne også svitsje fram andre verk, som for eksempel ein ultrastilig jordbruksmaskin og ein bybane som liknar ei bie.


I went to Bergen for an ceremony and some concerts (The Residents and Lou Reed).
At the airport shuttle bus I met a guy who was an industrial designer, and who had designed the new tram for Bergen. He could proudly show his work by sliding photos on his phone. He had also designed other trams, and a really cool truck for agricultural use.

Han gav meg lov til å fotogrefere seg med jernbaneskinnene til det stolte verket i bakgrunnen..
He permitted me to take a photo of him with the railway in the background..

Biletet vart heldig på forskjellige måtar:
The photo got lucky in different ways:



Snikande rådhus.



Folk i mønster.

Kommenter innlegget

Filed under ...ska sei!, bergen