Category Archives: frotveit

Juhu!

Geita Siri feirar 20 000 jubileum her på bloggen.

Siri!
Sidan sist har eg vore både i Kina og på Frotveit.

Skriv fortsatt på rein. Det vert ei bok.

Kommenter innlegget

Filed under frotveit, på tur

Kan jo fortsetje..

Min onkel sine hender er dei flinkaste når det gjeld mekking.

Det er lett å sjå:

Photobucket

Kommenter innlegget

Filed under Fine folk, frotveit, giff

Haustsnurr 19

bilen

Eg er heldig som kjenner slike fine folk.

Kommenter innlegget

Filed under Fine folk, frotveit, julekalender

Jovisst kan pappa jage ponniar



Min pappa er sjuk, og det er kun små sjansar for at han kjem seg på bedringens veg.

Men det betyr ikkje at han er ubrukeleg!

For eksempel: Nokre ponniar oppførte seg trugande mot både farmor og meg,

på tross av at dei befant seg på framand jord (farmor sin hage).

Ein trugande ponni snøftar, ristar på manken og viser ingen teikn til respekt for hytting.

Pappa hamlar lett opp med slike situasjonar:
Photobucket

Kun ein i søskenflokken har arva denne fantastiske evna.

Kommenter innlegget

Filed under Fine folk, frotveit

Stor cowboyfest i lite cowboyland

Plutseleg måtte eg finne fram rutete skjorte og cowboyhatt. Og jammen fann eg ikkje heile tre hattar.

Saman med ein gigantisk pose marshmellows, kvikklunsj og ein retrochips køyrde eg mot cowboylandet med godt mot.

Skulle treffe folk, hestar og hundar som eg kjende.

Kjerstin var der, Blå og Vilde var der, Muffen var der. Bulldogen var ikkje der.

Bulldogen:

20110830-125237.jpg

Vi måtte gå frå stallen. Langs ein veg, vidare på ein sti, og inn i cowboydalen. Cowboyar kom ridande frå fjern og nær. Den raude sanden steikte gjennom sålane på cowboyskoa våre. Skiltet ønska oss velkommen, men skrifta av kulehol sa det motsette. Rundt saloonen stod stampande hestar. Dei prøvde å kjøle seg ned i skuggen av spreidte kaktusar. Eg tok av meg hatten slik at den vart hengande på ryggen. Løsna på dei øverste knappane i skjorta. Opna den første øla. Fortsatt kald.

Tøffe Kjerstin beholdt hatten på:

20110830-131700.jpg

Den steikande sola gjorde oss sveitte, og cowboymusikken gjorde oss lukkelege. Denne hunden var spesielt sveitt og lukkeleg:

20110830-144714.jpg

Jokeren prøvde ut nye måtar å ri på:

20110830-144859.jpg

Og då cowboyjenta og indianaren laga bål:

20110830-145026.jpg

Prøvde igjen jokeren nye måtar å lage bål på:

20110830-145144.jpg

Cowboydalens brannmann hadde full kontroll frå kjerra si:

20110830-212845.jpg

I løpet av kvelden lærte jokeren bort sine flammekunster til indianaren
(brannmannen likte ikkje det noko særleg). Det handla om sprit:

20110830-213002.jpg

Muffen og meg hadde lange samtalar om hundetypar. Han kunne fortelje at faren hadde vore svart elghund. Med ein slik krølla hale var det ikkje vanskeleg å sjå elghunden i Muffen.

20110830-213327.jpg

Alle kunne grille så mykje marshmellows dei berre ville:

20110830-214606.jpg

Og ete så mykje retrochips:

20110830-214800.jpg

Og fyre av så mykje ammunisjon at det lukta svidd:

20110830-215223.jpg

Etter at einmannsorkesteret hadde spela «Jolene» fleire gongar, vart det vår tur. Blant kareokesongarane fann eg ein som hadde gjort det før. På ei kvittering frå jernia hadde han ramsa opp aktuelle songar:

20110831-183957.jpg

Fekk aldri høyrt han synge. Veit ikkje kva som skjedde. Kor eg blei av. Men eg såg vertfall at han reinska halsen.

20110831-184436.jpg

Gjorde seg klar:

20110831-184754.jpg

Andre artistar:

20110831-184916.jpg

Og fleire artistar:

20110831-184955.jpg

Og eit kaffeuhell!

20110831-185134.jpg

Desse siste bileta berre låg på kameraet mitt. Anar ikkje kven som tok dei. Eg hugsar ingenting. Men eg var heldig. Cowboydalen ligg i rimeleg gåavstand frå mi farmor, så då eg ville komme meg heimover var det berre til å ta beina fatt. Finne grønnare stiar. Finne travlare bilvegar. Finne brattare bakkar. Og finne nøkkel på hemmeleg stad. Passere eit speil. Oh no!

20110831-190018.jpg

20110831-190050.jpg

20110831-190101.jpg

20110831-190117.jpg

20110831-190130.jpg

Dokumentasjon. Dokumentasjon. Dokumentasjon…

Kommenter innlegget

Filed under bergen, frotveit