Category Archives: kjøkkenglas

Sommardrakt 4

Dette er ein gif frå bjørneland. Eg tok bileta frå kjøkkenglaset mitt.

Fuglen heiter raudstjert. Redstart på engelsk. Ordet «start» kjem frå det middelalderengelske ordet «stert». Kø på fransk.

Den raude fargen kjem ikkje til sin rett på dette biletet.

Raudstjerten er modig, har ein kraftig skremmelyd og et allslags insekt.

I bjørneland brukte han stemma si på å skremme Mino heile dagen lang.

Om vinteren flyg han til varmare strøk. Nærmare bestemt sør for Sahara, men nord for ekvator.

raudstjert

Før han drar kler han av seg sin kvite hjelm, og på seg ei tjukk, tjukk vinterjakke.

Jakka får du sjå først i luke 5.

Éin kommentar

Filed under julekalender, kjøkkenglas

Lyse dagen

..og som vanleg er Russland blå i bakgrunnen.

Mino nys og nys.
Med -30°C på jaktmarkene er det lov å vere sjuk i blant.

Julekalenderen streikar.

Éin kommentar

Filed under kjøkkenglas, Mino Løvetann, Russland

Suspekt måndagsbjørn

Denne skumle fyren berre dukka opp på bokhylla mi. Der stor han plutseleg saman med den tohovuda glitterantilopa.
Eg veit ikkje kva dei pønskar på.

Får friske situasjonen opp med litt fine dropar. Sånn i tilfelle:

Kommenter innlegget

Filed under kjøkkenglas, Måndagsbjørn

God plan

2 kommentarar

Filed under kjøkkenglas, Mino Løvetann

Biletbevis – Picture-proof

Nye kompisen til Mino. Her ventar han på at Mino skal komme ut og leike.

New playmate of Mino is waiting outside the enterance door.

Ny utsikt frå kjøkkenvindauget. Trea du ser ligg på andre sida av vollegrava.

View from kitchen window. The trees in the picture is at the other side of a moat.

Mino er skeptisk som vanleg.

Skeptical as usual.

Den djupe vollegrava vil snart omkrinse heile huset mitt.
Ser fram til å heise mi nye dør ned med kjetting.
Og velge ut fisk så klart!

This deep moat will soon surround my house completely. I’m looking forward to drop down a drawbridge for going to work. And also picking out my very own guarding fish.

Den vesle flishaugen du ser ved gravemaskinen er restane etter tuntreet. Trist.

The white pile of broken wood next to the excavator is all what is left of the huge, beautiful tree in my garden. A bit sad.

Kommenter innlegget

Filed under kjøkkenglas, Mino Løvetann

-nordlyset!

ja, eller berre den vanlege utsikten frå søppelspannet mitt;)

..or just the ordinary view from my garbage can;)

3 kommentarar

Filed under ...ska sei!, kjøkkenglas

Sola! The sun!

Heilt sidan midten av november har sola vore borte.
Men i dag fekk eg dette fantastiske synet frå kjøkkenglaset mitt
(Fantastisk. Faktisk. Jepp.)
På biletet ser du eit jorde, ei elv og deretter Russland.
Det er blitt mogleg å springe til Russland no*, og då er ein nestan i Japan!

The sun has been totally absent since mid-november.
But today, this:
On the photo you can see a field, then a river and in the horizon: Russia.
It’s now possible to run to Russia on the ice,* and then you’re almost in Japan!

Hurrah!

Alt dette solsnakket får meg til å tenke på midnattsola i sommar.
Dette biletet er teke midt på natta, tru det eller ei;)
Landskapet her er bjørneland.

All this talking of the sun makes me think about the midnight sun last summer.
This photo is actually taken in the middle of the night:

(and the landscape is bearland)




Og til ein heilt annan sak.
Eit lite mysterium faktisk:
Kven har laga desse spora!?
Berre kom med forslag, for Herr pattedyr kan ikkje svare!

An now, to a completely different case.
A small quest:
Who was passing my house last night?!

*men det er jo sjølvsagt IKKJE lov!
*but that’s of course NOT allowed!

3 kommentarar

Filed under ...ska sei!, kjøkkenglas