Category Archives: mat

Luke 5 – endeleg engelsk

Ein bestemmer seg for å reise til stadar bortgøymd frå turistvegen. På jakt etter det eksotiske.

Det ekte.

Ein finn det.

Ein oppdagar at ein ekte restaurant ikkje har tilberedt matrettane sine i plastikk i monteret utanfor. Ein oppdagar at ekte menyar ikkje ser ut som familiefotoalbumen til tempura- og nudelfamilien. Ein oppdagar ikkje engelsk. Verken skriftleg eller muntleg.

Så ein tek ein sjans. Kvar dag.

Trøbbel. Kvar dag.

«Denne klumpen smakar då neeestan leverpostei?»

«Dette er då ein vegg av tarmtottar?»

«Frityrsteikt…. Kyllingbrusk?»

«Sjøgras, tang og atter tang…»

Slim i alle fasongar og fargar.

Ein vert god og mett. Kvar dag.

Poenget, ja. Jo, når ein då kjem til tjukkare strøk, som Kyoto, finn ein att engelsken. I korte samtalar med folk. På skilt og bygningar.

Og på menyar.

20121205-233716.jpg

20121205-233731.jpg

20121205-233750.jpg

Og ingen problem er løyst.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under ...ska sei!, mat, på tur

Luke 3 – krem

I Japan kan du velge cola med krem.

Heldiggris.

Eller utan.

Heldigvis.

20121203-231338.jpg

Kommenter innlegget

Filed under ...ska sei!, julekalender, mat, Ymse greier / stuff

Hyttetur, hyttetur…englar byksar elleville ut frå skur.

(Bilete vil komme, og dersom du er mot alkohol, eller har god biletleg fantasi treng du ikkje å lese vidare…)

Joda, eg har vore på hytteturar før. Og joda, dei har vore veldig gøye.

Men.

Var på hyttetur i helga. Skal vere kort.

Det hadde vore fullmåne kvelden før, men no hadde skyene overteke véret. Eg hadde som vanleg stappa bilen full av tilfeldige uviktige hyttesaker, og gløymd viktige saker som kniv heime. Etter liten køyretur innover dalen, fann vi scooteren som stod og venta på oss. Tre lukkelege, forventningsfulle fine folk freste i full fart innover skogen.

Reinskav, eller käristys (uttales garristuss) er ein perfekt hyttemiddag. Oppskrifta på denne retten fekk vi frå sjefen på Joker, Gerd. Joker er den beste butikken i heile Bjørneland (sorry coop). Og Gerd er ganske høgt oppe på rankingen ho også. Oppskrifta som inneheldt både hemmelege ingrediensar og lure triks, leia oss uerfarne til ein kjempesuksess. Ja, det var oss uerfarne som laga middagen, medan den erfarne blant oss måtte versågod sitje og slappe av og følge med frå avstand. Derifrå kunne også den erfarne nyte det utrulege synet som denne hytta var. Kvar einaste hylle og krok var laga av tjukke trær som bøygde seg heilt naturleg for å lage, ja entan ei hylle eller ein krok. På bordet var det limt fast nokre skifersteinar, så middagsgryta kunne berre plasserast lett som det. Käristys, versågod!

Resten av fredagskvelden hugsar eg kun i bittesmå porsjonar: Tom Waits på iPoden – Absinth – Ved i ovnen – Premium russisk vodka – Skrål og skål – Meir absinth – Fokusere – Ojojoj – Treffe posen – Drikke vatn – Treffe posen – Drikke vatn – Finne senga…

Jaja.

Med hyttetur høyrer det til ein liten skitur på dagen. Uansett form og form. I Bjørnelandet snør det mykje og det held seg kaldt. Dette fører til at snøen vert djup, og legg seg svært lite tettpakka. Det er grenser for kor mykje ein scooter kan pakke saman snø, så skituren i scootersporet vart ein seig affære. Uansett, litt sol og lite oppoverbakkar gjorde sitt til at stemningen heldt seg bra. Då allikevel oppoverbakkane byrja å melde seg, måtte skia av for å oppretthalde framgongen og stemningen. Vi oppdaga då akkurat denne lause Bjørnelandsnøen på kroppen: Heldt vi oss på scootersporet, kunne vi vasse til knea. Men tråkka vi litt utanfor sporet, forsvann alt feste og vi forsvann ned i snøen. Det vart ein hard jobb å komme seg opp. Heldigvis hadde vi gamarsjar og tette klede.

Tilbake ved hytta venta eit bål på oss, og kaffi, og ein dram (ikkje for meg, nei, neitakk, ikkje i dag, øh, ikkje no vertfall, øh, har me vatn?). Skogsbål er utrulege. Ein kan lempe på heile hoggestabbar. Dei knitrar først litt motvillig, og er deretter heilt boblande med på å vere ved.

Middagen denne dagen var elgsuppe laga av den erfarne blant oss. Og akkurat det var veldig tydeleg. Fordi suppa var veldig veldig god. OJ, SÅ GOD DEN VAR. (Her i skrivande stund romlar magen min..).

Skyene hadde forsvunne, og stjernene var veldig tydelege. Månen låg bak ein haug og var, som oss, passe full. Eg var med på røykepausar. Det var lurt. Vart fortald at cassiopeia er ein «W». Og at Orion har ein boge og siktar på det som eg trudde var Lillebjørn. Men, så feil kan ein ta. Denne vesle stjerneklumpen som du ser best om du ser ein annan veg er faktisk Pleiadene. Pleiadene er ein gjeng med jomfruer som (jomfru-)føder nye stjerner. Dei nyfødte stjernene er blåaktige, medan høgre skuldera til Orion er raudaktig, og moglegens allereie daud. (Alt ein kan lære i røykepausar!)

Før desserten vart badstua varma opp, saunaen, eller badet om du vil. Dette varme rommet er kanskje det aller beste med heile Bjørneland. Spesielt om du sit der med bra folk, som likar å ha det sånn passe varmt. Det er som å sitte inni ein stor sovepose. Og det varmar heile kroppen, frå innsida. Ein varmar seg, varmar seg, varmar seg. Og deretter går ein ut i eit pauserom og preiker og drikk øl. Vi henta fram tre øl av merket Flying Dog (som eg hadde drukke i Pittsburgh), og fekk då ei spennande øloppleving i pausen.

Badstu kan gjere deg så varm at du får lyst til å rulle deg i snøen. Ja, eller lage ein engel. Som eit lite snøstempel. Dette fekk dei andre lyst til. Ja, eg også. Vi sprang ut etter tur. Sosial utan klede i badstu er ein ting, men sosial utan klede i engelpositur er litt annsleis. Derfor: Etter tur. Og eg var sist. Veldig varm. Satt og venta på min tur.

Ok, engel foregår slik: Ut den første døra. Du dampar i den kalde lufta, og skrik gjerne «iiiiiiiiiik». Deretter spring du baksande ut i måneskinnet, ser etter ein jomfrueleg snøbakke, og hiv deg på rygg. Du skrik gjerne litt igjen medan du prøver å lage englevingar med armane, og kjortel med beina. Dersom du bøyer deg fort opp er det nær sagt ingen sak å komme seg tilbake på scootersporet, og springe inn att i den heilt utruleg herlige varmen. UTRULEG gode varmen.

Min tur kom. Etter eit djupt, varmt innpust, starta eg med eit «iiiiiiiiiiiiiiiiiiii» og satte ut døra. Kald luft. Kaldtkaldtkaldtkaldt…sprang lett bortover scooterløypa, og såg meg ut ein fin, bar snøflekk. Eg tok eit steg fram, for så å snu meg. Men å snu meg, det rakk eg aldri. Beinet mitt, og deretter halve kroppen min forsvann ned i den djupe, lause Bjørnelandsnøen. Foten min skrapa borti noko vondt langt der nede, og resten av kroppen? Totalt iskald frå tå til øyre. Eg prøvde å bøye meg mot scooterløypa: Først lett – nei, så tyngre – nei, og deretter av all mi kraft – men nei. Tok meg ein liten tenkepause. Tilstandsrapport: Ånei… Og deretter tok eg til å kave og kave i snøen, og greidde tilslutt å få magen opp på relativt fast scooterløypegrunn. Det var ikkje lenger noko «iiiiii», men heller «åh, kaldt, åh, åh, kaldt». Månen lo og lo. Veit ikkje kor lenge eg stod over ovnen, medan dei andre sat utanfor og pausa. At dei orka, å vere nokon annan stad enn i badstua. Badstua var jo den einaste staden. Staden å vere!

Eg sa ikkje kort, gjorde eg?

Kvelden i badstua fortsette, og etter å ha fått varmen igjen laga eg perfekte englar. Var blitt så herda at eg kunne ta ein kikk på stjernene. (Dette vart til ei twittermelding) Pleiadene, takk for sist, ja… Orion, skyt heller månen for meg!

Resten av kvelden, og natta og morgonen gjekk med til å lage ymse dessertar. Eg imponerte med klassikaren galliano/kaffi/krem, og andre imponerte med erkeklassikaren Irish coffee. Vi dansa og spela The Pretenders. Og lova kvarandre å alltid elska Chrissie Hynde. (Vertfall eg.) Då morgonen kom, var stemningen framleis på topp.
Oj, for ein kjekk tur tenkte me, og diskuterte kven som skulle bli invitert med neste gong….vertfall Chrissie Hynde..kanskje Patti Smith? Tom Waits…ville han eigentlig ha overlevd scooterturen?

Ja, så var det desse avslutningane som eg ikkje fiksar. Konklusjon, godt poeng, kva har vi lært?

Eg meinar at vi lærte: Meir hyttetur!!!

4 kommentarar

Filed under Fine folk, mat, på tur

Kvar dag att – og tei te ord ting

..denne ligg i min shared folder, slik at dei som låner nettet mitt får ei grei helsing:

Bygdekino.
Skrøplege stolar – stor stemning.
Premiere i oktober – bygdeki-no.

Rullar rullar rullar rulletekst. Teit.

Spe si elt kaldt på ut sida.

Hunden Fido slikkar meg i ansiktet, og seg sjølv i rompa. Kor tid skal han bli ein k-att? Teit?

Voff voff!

Dagens glad nyhende: Surf&Turf har fått ny me ny!

Skal det vere ein båtpotet med pepper rot krem salat?

5 kommentarar

Filed under mat, Mino Løvetann, Ymse greier / stuff

Konfektkalas

(Det ser ut som konfektlaks i overskrita..menmen..)

Motivasjon? Prioriteringar?

Vanskeleg å seie.

Det hendte vel allerede då julekalenderen snubla på første langside. Ikkje eingong haltande galopp. Faktisk ein tryn. Og rull litt tilbake. Men Münchhausen gjev seg aldri. Seier ikkje meir.

Uansett.

Startar året som ein heilt vanleg bloggperson, og smell til med kongen av bloggtema: Sjokolade.

Denne førjulstradisjonen (som vi nordboarar hadde då det var -35 ute) kan like godt vere ein vintertradisjon.

Prøv sjølv!

Så kva treng du? Jo.

• Ei pølse marsipan.
Ikkje slå til med dansk luksus, men vel heller norsk og billeg. Coop, eller noko.

• Nugatti.
Opprinneleg var det nougat i vandreoppskrifta (oppskrifta som eg meinar kjem frå kule marie si kule veninne). Men både nougat, nugatti..eller sjokade er bra. Berre ikkje hapå, peanøttsmør eller banos.

• Opphakka nøtter.
Litt hassel, litt val. Kjenner du nokon med allergi, så ville dei ikkje ha ete marsipanbrød i utgangspunktet.

• Pistasj.
Opphakka. Viktig. Ikkje spør.

• Opphakka tørka frukt.
Aprikosar. Tranebær. Fiken funkar også fint. Det spørs heilt kva du likar. Sukatar. Sukatar? Mulig at grensa går på sukatar. Vi skal ikkje lage delfiakake her.

• Sjokoladeplater.
Mørke

• Sølvpapir

• Pynt

Først skal du kjevle marsipanen ut til ein stor firkant. Bruk litt mjøl, og snu ofte, så klistrar det ikkje.

På denne store firkanten smør du eit jamnt lag med nugatti.

Og deretter så dryssar du og dryssar du opphakka greier utover.
Slik:





Gløymde ein ganske så essensiell ingrediens, nemleg konjakk.
Pøs konjakken over nøttelandskapet.
Lag gjerne spruteflaske med påfyllsmoglegheit:


No skal du tenke at du lagar skillingsboller, og berre rulle i veg:
(trykk gjerne på biletet for stemningen i stort format)

Medan vi prata og rulla laga vi drinkar.

Den ufortynna, usukra moltelikøren min var perfekt 50/50 saman med lakka frå polet.

Konjakkmarsipandrinken til pernilla var perfekt på eigahand:

Det var inga tunge, men mange små marsipanbrød som kom denne smelta sjokoladen til unnsetning.

Marsipanbrøda våre kunne nestan ikkje vente.

Maria pynta det eine brødet sitt heilt utruleg vakkert.

Vi måtte vente på at dei sjokoladetrekte marsipanbrøda skulle tørke før vi kunne pakke dei inn i sølvpapir.

Medan vi andre venta, prøvde beate å hypnotisere mino med songen sin.

Det greidde ho lett som berre det.

Vi andre forstod ikkje heilt kva som skjedde, før det var for seint.

Då hadde mino blitt til fido, ein bjeffande hund som snart sovna foran peisen.

4 kommentarar

Filed under Fine folk, mat, Mino Løvetann, Ymse greier / stuff

Etterfest (5 o’clock in the morning, 22°C)

Hadde jo lova nokre bilete….men eit marsipankakeprosjekt forseinka det heile.

Her kjem dei allikevel: Teke med Malin sitt kamera! Beklager for rotete og ulike størrelsar, men prøvde å minske dei…og det gjekk altså litt skeis…

I promised some photos from the after-party. Though some delay caused by cakemaking: Here are the photos! Malins camera, and not at all like my regular mobilephone-camera.


Godnattkyssa av myggen.
Letting the mosquitos kiss you goodnight.


Niste.
Meal


Malin Shalin.


Finnmarkspors, som ein skal vere verkeleg forsiktig med å ha oppi drikker.
Finnmarks Pors, a flower that you should be very careful about putting into your drink.


Sko. Verdas finaste i følge min onkel Henning som kun var full av vaflar og kaffi då han kunngjorde det.
Shoes. My uncle told me that they were of the most beautiful sort. I agree.

(But, Heike: At the next London-occasion…purple, do you think they still sell them?)


Utsikt til Nikel, byen som ligg 4-7km frå der eg bur (..det spørs korleis du målar).

Åh, enn om det alltid hadde vore Malin sitt kamera!

Nikel, a town about 4-7km from my place (depends on how you’re measuring).

Imagine if all photos at this blog were taken by Malins camera!

Éin kommentar

Filed under Fine folk, mat

Ikkje berre and…

Kjærasten min syntes ikkje at det var rettferdig då eg skreiv på denne sida at han berre tenkjer på jobb og and til middag. Han tenkjer jo også på frukostar! Så, for å gladgjere han: Her er beviset på det!

My boyfriend got slightly upset when I said in my blog that all he ever thinks about is work and duck for dinner. Because he’s not only thinking about dinners: he’s also thinking about breakfasts.

So to make him happy: A couple of his breakfasts recently!

breakfasts

Då skulle alt vere bra!
Then the problem should be solved

Kommenter innlegget

Filed under mat