Category Archives: Mino Løvetann

Mino for dei kresne

Nokon likar kattar på nettet.
Her er min Mino for dei.

Før:
minomini
No:
mino

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Mino Løvetann

Desse to, ja… 16

MINO!!! Kven har ikkje sakna han, og lurt på korleis han har det?!

Her er han altså, saman med den sterke, uforsiktige og vennlege Andreas.

Dei to har funne tonen, men Mino veit å følge med på hendene..

Photobucket

Kommenter innlegget

Filed under Fine folk, julekalender, Mino Løvetann

Turistisk og saknings..

Slike hus i denne byen likar turistar.

Vi var på zoo. Går det an å sakne ein katt?

Han er så lik, kjem til og med når eg plystrar..

Eg er IKKJE eit kattemenneske, ein elefant kom også då eg plystra.

Lille-elefant…kom hit..

Eg berre lurer, kjem bjørnar når eg plystar?

Merknad: Eg har ikkje zoom på kameraet.

Kommenter innlegget

Filed under Mino Løvetann, på tur

Kun kamuflasjekatt

Mino er no frisk. Men etter all den innetida har han blitt bortskjemt. Våte føtter er uaktuelt, og han krevjer å bli sparka rundtomkring.

"Kva ventar du på eigentlig?"




Og med litt hjelp frå photoshop har min fine katt blitt til ein ostepop!
(eller guleböy, som pernilla kallar det)

"Eg? Ja, kamuflasje ser du vel."

Kommenter innlegget

Filed under Mino Løvetann

draum og sjukatt

Min draum.

Ja, dette er ikkje noko avsløringar av ein utopisk framtidsvisjon, men ganske enkelt kva eg draumde natt til i går.

Vi sat ein gjeng i eit partytelt. Fleire paralelle langbord. Sola skein frå utsida, og ga dei kvite veggane eit varmt lys. Det lukta av sommar. Ikkje for tørr, og ikkje for våt. Sommarlukta, den perfekte. Ei stong som heldt midten av teltet oppe var for kort. Taket seig ned. For å fikse på dette måtte eg setje saman to gullfarga boltar. Den eine av desse boltane skulle festast i taket, og den andre skulle festast i hovudet til ein person. Jesus meldte seg frivillig. Sjølv om han stod på tå greidde han ikkje å heve høgda under taket noko særleg. Han måtte stige opp på ei pappeske. Sidan beate og eg skulle opptre, hadde eg begge Ibanezgitarane i armane. Både beate sin sommarfuglgitar og Mr.Bjørn sin med kolibri, som eg har til låns. Då eg i tillegg måtte hjelpe Jesus med å halde balansen der han stod på tå, no oppå ei vinglete pappeske, vart det litt for mykje for meg. Den eine Ibanez gitaren skrapte nedi sementen, medan Jesus si mjuke hand pressa seg veldig hardt ned mellom skuldeblada mine. Oj, sa eg. Beate stod like ved og såg at det var hennar Ibanez, den med sommarfugl, som traff ei skarp rand i det dårleg støypte sementgolvet. «Det gjer ingenting, og Jesus greier seg også sjølv.» Eg vart svært letta over dette som ho sa, og fordi at det var akkurat beate sin gitar som skrapte. Ho hadde jo vore vitne til det heile, at eg gjorde mitt beste. Kva skulle eg ha sagt til Mr.Bjørn? Dersom det var hans gitar som hadde fått ei skrape? At eg hjalp Jesus med å auke takhøgda? Og derfor ei skramme i gitaren? Nei, beate skjønte heile situasjonen veldig godt. Ho overtok gitaren sin, som for anledningen var ein 12-strengers, og satte i gong med ein rå gitarsolo. Ho byrja ikkje på «Yesterday», som var den songen som vi hadde øva på. Då eg ikkje greidde å følgje ho på denne andre, kule songen vart eg så opprørt at eg vakna.

Ja, det var draumen.

Mino har vore litt sjuk dei siste dagane:

3 kommentarar

Filed under Fine folk, Mino Løvetann, Ymse greier / stuff

Berre bilete frå kvardag

TEKST HAR NO KOME

Har fått låne den finaste gitaren, og speler littegrann kvar morgon. Sola vekkjer meg så så tidleg.

Heimelaga brød er ikkje alltid så lett å stable.

Må finne Mino om morgonen då han helst vil vere inne.
Det gjeld å vekke jaktinstinktet. For då har han ingen sjans!

Dette er jobben min. Kvar dag. Heile tida.
Tala viser genotypane til bjørnar.
Akkurat desse bjørnane har homozygot genotype på markøren MU50.

Månen tok seg ein vandretur i vinduskarmen..

…og Russland lyste med ei enormt sterk lykt. Rett på oss.

Her ser du utsikten mot sør frå jobben min.
Det har tidlegare vore ein forsøksgård for jordbruk i Bjørneland.
Derfor har vi både låve og stabbur.

Kvar einaste ettermiddag plystrar eg så høgt eg berre kan, og då kjem Mino springande så fort han berre kan.
Og deretter prøver han å drepe seg med sparken.
No har eg skaffa plastikkmeier, slik at han ikkje greier det.
Slik ser det ut når han forsøker: DUMME KATT

Av og til går bensinpumpa i bjørneland tom. Då har du eit problem.

Mulig at dette er verket til MR.DJ

På kvelden viste Mr.Bjørn ekspertise i skipreparering.
Sjølv mine snørekjøreski frå fretex fekk topp behandling.
Kanskje eg bør lage ein skiprepareringspost? Hm.

Bjørk er det finaste treet. Saman med osp.

Kommenter innlegget

Filed under Mino Løvetann

Utruleg…

…kva som spring forbi huset mitt.

Revar, kattar, hundespann, rådyr.

Og no: Ein hest.

Den kvite streken er faktisk ein hest i fin trav.

Og Marianne sende meg denne filmen, fordi ho meinte at det kunne vere Mino som hadde teke seg ein tur over isen…

5 kommentarar

Filed under ...ska sei!, Måndagsbjørn, Mino Løvetann, Russland