Category Archives: Orientering

Blåmerke

I tillegg fekk eg ein flått, rusk på auget og bomma til tredjeposten.

Bloggen har gått inn i ein hard, realistisk, arbeidslaus periode!

20110826-110841.jpg

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Orientering

Kanadaskogen

Så, kva var det eg sa? Jo, at eg skulle oppdatere.

Men så stakk eg på o-løp. O er ei forkorting for orientering. Ein kan seie o på samme måte som i. iPad iPod iMac o-sko o-kart o-bingo.

Køyrde 20 min rundtomkring i sentrum før eg fann rette utkjørselen til Fyllingsdalen.

Visste at eg skulle inn i ein tunnel, over ei bru…Puddefjordsbrua

20110825-005224.jpg

..og deretter inn i endå ein, skummel tunnel..

20110825-005502.jpg

Det pøsa ned, og eg sleit med å komme meg ut av bilen.

20110825-005629.jpg

Spesielt sidan eg måtte springe med dei fine fallskjermhopparskoa kjøpt i Miami.
Eg såg ein fallskjermhoppar bruke slike sko under ein o-leir på Voss ein gong.
O-skoa ligg på Stord.

20110825-005750.jpg

Når ein spring i skogen med o-kart og o-kompass prøver ein å konsentrere seg, og å ikkje legge merke til kor utruleg fin Kanadaskogen eigentlig er. Men sidan eg har brukt dei siste to åra på å legge merke til kor fint det var i Bjørneland, konstant, «og hei, var det der ei lavskrike?», er det ikkje lett å konsentrere seg.

Eg fann blåbær. Men hadde ikkje tid til å ete dei.
Eg fann kvit piggsopp. Men hadde ingen stader å samle dei.
Eg fann den finaste myra. Men hadde ingen kamera til å fange den.

Då eg på veg til første posten byrja å kjenne noko i mitt slitasjeskada kne, drylte eg like så godt (utan vilje) det andre kneet rett i ein stor stein. Ingen slitasjeskade lengre. Berre det.

I o-løp, når det ikkje er fine ting å sjå på, starter ein ofte å tenke på middagen: «Ja, restane frå i går…det vert jo ikkje gale i det heile. Slike grønnsaksting vert jo betre dagen etter. Hm..det hadde verkeleg passa med kvit piggsoppstuing til».
Eller ein kan synge på ein song. Ulik song etter terrenget.

Lett sti: Bob Dylans Santa song
Tung oppovemyr: Jag trodde änglarna faaaans.

I mål. Fallskjermhopparane fekk varige mén.

20110825-011850.jpg

Vegen heim vart litt komplisert med berre eitt funksjonelt kne. Funksjonelt og litt slitasjeskada. Klutsjing vart ikkje lett. Heldigvis fann eg stjerneparkeringa i min stjernegarasje: Bygarasjen.

Restematen vart heilt i orden utan sopp.

20110825-012453.jpg

Det kjem bilete av kneet i morgon.

Og dette innlegget er skrive på mobilen min. Eg startar i det små.

Éin kommentar

Filed under bergen, Orientering

Steinskvetten?

.

Ei strandlinje skiljer det blå havet og den grønne sletta.

Eit steingjerde deler det grønne.

Ein hestedel og ein o-løpdel.

O-løpdelen er vår.

Hestedelen er den interessante..

Photobucket


Nord


Sør


Vest


Aust


Er du steinskvetten vesle fugl?
steinskvett

Ser du dei ville o-løparane?

Kommenter innlegget

Filed under Orientering, på tur

Fly med pass…og denne gongen er det Irland!

Gardermoen

Dublin i kveld. Skal poste. Skal twittre. Skal drikke. Skal springe o-løp!

(fin gif, eller? ;D )

Søker også på ein ny jobb i dag. Men sidan eg kanskje ikkje får den skal eg ikkje sei noko om kva.
Utanom at det er ein type detektiv…………………………*kremt*……………….*skraaaap*……..

2 kommentarar

Filed under Orientering, på tur

Kva mobilen min såg

Liten rapport.

Dersom du har gode auge kan du fremdeles sjå huset mitt på dette biletet..
At this picture you can still see my house, far away, on the other side of the border

grønare gras....greener grass..

grønare gras....greener grass..

På hotellet var det ulike tilbod, for alle og ein kvar.
Hotel offered facilities for every taste.

...ingen skal kjede seg på dette hotellet....at this hotel no one will ever get bored

...ingen skal kjede seg på dette hotellet....at this hotel no one will ever get bored

Klar til å fakke tjuvar på den lokale pølseboden.
Ready to catch thieves robbing the local food cart

..politiet køyre lada..jada..

..politiet køyre lada..jada..

Lust salgstriks? Eg spør deg…
An efficient trick to sell phones, I honestly don’t know…

kom igjen, diamantar på kjøpet....you even get some diamonds when you buy it..

kom igjen, diamantar på kjøpet....you even get some diamonds when you buy it..

Me møtte opp på 43-årsdagen til Apatity, ska sei!
43-years celebration of Apatity, I must say!

-hurra for 5.september!...5th of september, hurrah!

-hurra for 5.september!...5th of september, hurrah!

Vegarbeid trengs også andre stader enn i Noreg, og så så mykje meir!
Restoring of roads is also needed other places than in Norway, and here, it is so so much more urgent

flittig og elegant.....diligently and elegant.

flittig og elegant.....diligently and elegant.

EY!

russisk skattekiste..russian treasure-chest

russisk skattekiste..russian treasure-chest

Og kva anna enn eit monster dukkar opp i øla mi seint på kvelden på ein skummel bar i Murmansk?
And what else that a monster is showing up in my beer late at night at a bar in Murmansk!?

-må ete lys! -must eat light!

-må ete lys! -must eat light!

Og ein måndagsbjørn stod berre her, på raudt lys.
A mondaybear was standing at the red light

du her?! you here?!!

du her?! You here?!

Kommenter innlegget

Filed under ...ska sei!, Måndagsbjørn, Orientering, Russland

Russland og slike ting

Dette er heimen til dei russiske bjørnane. Ser ut som ein fin plass å vere bjørn:
This is the home of the russian bears. It looks like a bear-paradise, or what?
2

Matboksen hadde fått litt blåbær på seg, og vert dermed veldig fin. Etter dette vaska eg den ikkje på lokket, men det forsvann til slutt av seg sjølv:
My lunch box got some blueberry on it’s lid. I wanted to keep it, but unfortunately it disappeared after short time.
1

I morgon vert det litt reising. Skal til eit land som eg tidlegare har vore veldig veldig nære:
There will be some travelling tomorrow. I’m going to a country that I’ve only been very very close to earlier:
4
Eg veit ikkje heilt kva Mino vil synest, då han må vere heime og ta i mot fleire kattepassarar (mest sannsyneleg på denne måten her):
I don’t know what Mino will think about having to welcome several cat-watchers (probably in this fashion):
3
Ellers har skyene vore svært interessante til tider. Min teori: katt som spiser ein gullfisk, der dinosauren også vil smake. Ei mus følger frå litt avstand:
Sometimes the clouds can be a quite a interesting sight. My theory: A cat is eating a goldfish, and the dinosaur also wants a bite. A mouse is following the drama from a little distance :
5

Kommenter innlegget

Filed under Mino Løvetann, Orientering

Eine dagen..

…finn du ein måltrost, og andre dagen..

2 kommentarar

Filed under ...ska sei!, Orientering