Category Archives: Russland

Naboen

Er det rart..

….at blåbæra her er litt spesielle?


(bilete teke frå kontoret mitt)


NEEEEEIIIIDAAAAA….ingen fare, ingen fare..

Dette ER røyken frå Nikel, ja. Og eit russisk grensetårn til høgre. Og ein russisk haug med snø på. Og den store, kvite bygningen er ein norsk ridehall. Vi ligg veldig nær kvarandre.

Men: Røyken ryk stortsett austover. Derfor.

(Ser du godt på denne giffen, ser du at røyken ryk både nordover og sørover!)

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Russland

Russland søv ikkje..

Natta i Bjørneland er ein uendeleg skog.

Furu og maurtue. Fuglar og maur.
Bjørnar. Søv.
Som verdas ende.
Sovande ende.

Men er natta mørk?
Er ho stille?

Nei.

Russland i horisonten. Alltid.
Brummande.
Vakande.

Kommenter innlegget

Filed under Russland

Utruleg…

…kva som spring forbi huset mitt.

Revar, kattar, hundespann, rådyr.

Og no: Ein hest.

Den kvite streken er faktisk ein hest i fin trav.

Og Marianne sende meg denne filmen, fordi ho meinte at det kunne vere Mino som hadde teke seg ein tur over isen…

5 kommentarar

Filed under ...ska sei!, Måndagsbjørn, Mino Løvetann, Russland

Lyse dagen

..og som vanleg er Russland blå i bakgrunnen.

Mino nys og nys.
Med -30°C på jaktmarkene er det lov å vere sjuk i blant.

Julekalenderen streikar.

Éin kommentar

Filed under kjøkkenglas, Mino Løvetann, Russland

Skumle snøgreiner

Først må eg seie at handlingane i bjørnehistoria er ikkje å anbefale då bjørnen kan bli alt for glad i menneske. Altså: Ikkje ta med deg ein bjørn heim!

Men allikevel ville mamma bruke bjørnehistoria i barnehagen der ho jobbar og det var jo kjekt;)

Franzi og Mikka gir seg aldri, og i helga var det nok ein gong duka for halvekstreme naturgreier.

Denne gongen gjekk turen til Jarfjord. (Jarfjord finn du i Lonely Planet)

Her kjem ei kort oppsummering frå turen….litt zombiestil…uhu..


greiner

Greingif, heilt grei den.


Då sola stod opp var stemninga heilt magisk. Som om denne sola berre var ei av fleire.


Vi tenkte at vaktzombiehundar holdt auge med oss..


At ein måtte stå heilt i ro, i trepositur for ikkje å bli oppdaga.


Her: Dvergbjørkpositur.


Mystisk. Alle spor måtte tolkast nøye……analyserast.. (Her: Rev kryssar rype)


..noko som til tider kunne vere svært vanskeleg..(her: ymse Rein)


Vi måtte snike oss rundt kvar ein busk…


…forbi kvart lite reinsdyr som hadde gått seg fast under snøen..


…og tyde ukjende fargespråk.

Finne utkikkspostar.

utsikt2
Oppdage at det var fleire zombiar..


..snike oss tett innpå…tru at me skulle ta knekken på dei..


Men oppdage at dei kontrollerte digre vaktårn.


Og etterkvart vere omringa.


Sjølv nokre av trea var på deira side.


Dei tok oss til fange saman med ein utmatta hund.

snøgreiner2
Gifane gjekk frå å vere fine til å bli skumle..

Vi vart innestengt i tårnet resten av helga…og kom aldri heim levande….

3 kommentarar

Filed under Fine folk, Russland

Fugletur II

Forrige års veldig spennande fugletur
vart berre småfisk i forhold til dette årets fugletur.

Vi møtte opp på Nyrud

Veret var ikkje betre enn slik midt på treet…

…og fuglane i kikkerten var ikkje betre enn slik midt …øh, i elva…

Utsikten var den samme som i fjor:
-Russland i bakgrunnen (natur og grensestolpe)
-Tyskerbrua i forgrunnen (rust og forsvinnande lite fuglar…)

Vi køyrde frå den eine berømte fuglelokaliteten til den neste.
Og for å gi eit eksempel: For tre dagar sidan vart det registrert heile 105 sangsvaner i Pasvikelva, og på vår «fulgetur» vart det registrert nøyaktig….ei!

koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-koko-

Terskelen vart i grunnen ikkje så veldig høg for å bli dagens helt.

Og helterolla dumpa Maria oppi. Fordi: Dagen før meinte ho at fiskestenger moglegens passa på fugletur. Og dermed: Heilt helt.

På Noatun heiv me uti våre fine, bittesmå fiskeslukar, og med eit lite plopp endra turen karakter. (Jepp, frå 100% fugl til 100% fisk. Frå 50% negativ til 150% positiv.)

Turisten frå Mallorca måtte halde seg i grensestolpen då eg slapp uti igjen ein gjedde på ca 1kg. Optimistisk fortalde eg han at den var for liten…

…og Mallorcanaren skulle ikkje bli skuffa…

Øyvind halar i land si største gjedde nokon sinne.

«Verdt å vite»-fyren sin første fisk. Ein solid abbor.

Maria kan rapportere om meir fisk medan «v&v»-fyren tar knekken på si første gjedde.

Joda, her kunne ein skrive opp 6,7kg. Han andre fyren på bildet hadde ein fantastisk oppfinnelse på merittlista si: Datakortet. (Sjølvaste.)

Radio-mannen vart heilt ivrig då gjedda ikkje ville på land…

..og Paul tok opp kampen..(begge vart ganske blodige etter dette møtet)

Så, resultatet vart: 6 gjedder mellom 3 og 7 kg.

Den lange tilbaketuren gjekk ganske kjapt..
…med caravellen full av gjedde.

Og: Ikkje ein einaste fugl på vegen heim…
Forest

4 kommentarar

Filed under Fine folk, Russland, Ymse greier / stuff

1.påskedag mikkas bilete

Det skulle vere påskegudstjeneste ved Grense Jakobselv.
Vi køyrde 50km med beltevogn. Noko som var kjempekjekt dei første 10 minutta.
Mikka var fotograf. Med blant anna Ricohen som han no har fått tilbake..

Sjølve gudstjenesta vart halde av den flinke, stammande militærpresten.
Einaste musikken i kyrkja vart framført av ein militærgutt som spelte brasiliansk gitar.
Ja, og så litt song så klart. Franzi vart svært imponert då eg kunne fortelje at komponisten av «Herre Gud» er min tippx13 -oldefar. (Ho seier jo så ofte Herregud)

Etterpå sprang me alle ut i Barentshavet for å kjøle oss skikkeleg ned!













3 kommentarar

Filed under Andre sine fine, Russland, Ymse greier / stuff