Luke 5 – endeleg engelsk

Ein bestemmer seg for å reise til stadar bortgøymd frå turistvegen. På jakt etter det eksotiske.

Det ekte.

Ein finn det.

Ein oppdagar at ein ekte restaurant ikkje har tilberedt matrettane sine i plastikk i monteret utanfor. Ein oppdagar at ekte menyar ikkje ser ut som familiefotoalbumen til tempura- og nudelfamilien. Ein oppdagar ikkje engelsk. Verken skriftleg eller muntleg.

Så ein tek ein sjans. Kvar dag.

Trøbbel. Kvar dag.

«Denne klumpen smakar då neeestan leverpostei?»

«Dette er då ein vegg av tarmtottar?»

«Frityrsteikt…. Kyllingbrusk?»

«Sjøgras, tang og atter tang…»

Slim i alle fasongar og fargar.

Ein vert god og mett. Kvar dag.

Poenget, ja. Jo, når ein då kjem til tjukkare strøk, som Kyoto, finn ein att engelsken. I korte samtalar med folk. På skilt og bygningar.

Og på menyar.

20121205-233716.jpg

20121205-233731.jpg

20121205-233750.jpg

Og ingen problem er løyst.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under ...ska sei!, mat, på tur

Luke 4 – dosko

På restauranten må ein setje skoa i hylla.

20121205-010334.jpg

For do har ein eigne sko.

20121205-010358.jpg

Kommenter innlegget

Filed under Ukategorisert

Luke 3 – krem

I Japan kan du velge cola med krem.

Heldiggris.

Eller utan.

Heldigvis.

20121203-231338.jpg

Kommenter innlegget

Filed under ...ska sei!, julekalender, mat, Ymse greier / stuff

Luke 2 – ver forsiktig – om du er så grei…

Japanske varselskilt.

Ein føler at heile samfunnet består av born.

Dette er ein skarp kontrast til all sanning.

Men det føles fint.

20121203-003730.jpg

20121203-003810.jpg

20121203-003826.jpg

20121203-003837.jpg

20121203-003951.jpg

20121203-004008.jpg
Og eit 5 år gammalt bilete, som avkreftar at denne skiltinga er ein ny trend:

20121203-004036.jpg

Kommenter innlegget

Filed under ...ska sei!, giff, på tur

Luke 1 – to på tur

Hey! Kva er dette? Oppdatering?! Tru det eller ei.
Det er jo desember.
Det er jo julekalendertid.
Det er jo Japankalendertid.
Japan.
Ja.

20121203-004543.jpg

Kommenter innlegget

Filed under ...ska sei!, julekalender, på tur

Reininnlegg

Reininnlegg – Hadde eg fortsett, ville det ha enda som ei lita bok.
Bilete vil komme etterkvart

Grytidleg novembermorgon. 19.nov. Beate har latt meg få låne to viktige ting i hennar kvardag. Rex, dei svarte skihanskene med god friksjon ut i kvar fingertupp. Og Carina, den rustkvite, pålitelege toyotaen som er litt eldre enn meg. Avtalen med Trine er spikra, og som så ofte før har eg laga meg knapt med tid. Takka vere hanskane set ikkje hendene seg tungefast i garasjedøra, og Carina smilar til meg i søvne. Døra kraser, og vil først ikkje sleppe karmen. Setet er kaldt, og motoren vil ikkje starte. Ikkje på tredje forsøket heller. I fortvilelsen gassar eg under det fjerde forsøket, og motoren hostar tørt. Eg vrir rundt nøkkelen igjen, medan eg febrilsk gassar. Motoren hostar kraftig. Hostet endar med rytmisk hvining, deretter tunge brum. Carina har vakna.

Utan servostyring er det mogleg å svinge mot venstre, inn mot ein allé, og deretter kræsje med trea på venstre side, fordi du kan gløyme å dra rattet heeeeilt tilbake igjen. Dette er eg oppmerksom på. Eg unngår å kræsje. Såvidt.

Trine står og ventar på Melkefoss. Som så ofte før. Eg hoppar over i Hiluxen, vi vinkar hadet til Carina, og set i vei oppover dalen. Stemningen i den blå pickupen er varm og koseleg. Vi er spente og forventningsfulle, av totalt ulik grunn. Trine veit godt kva ho vil komme til å møte, og gledar seg til det. Sjølv er eg totalt intetanande, men har ei generell glede over å få oppleve noko nytt. Ellers inga aning. Mørke tretoppar i horisonten skuggar nestan heilt for sola. Den vesle solfliken som vi ser vert større etterkvart som vi køyrer sørover. På eitt punkt meiner Trine at sola er på sitt største. Då stoppar vi for fotografering. Ikkje tenkjer vi på at desse minutta er det siste vi skal sjå av sola på tre månader. Sjølv etter at sola går ned, lysar den digre himmelen opp det kvite landskapet.

Ved å riste ei snøkule kan du endre véret i eit landskap. Først snør det kraftig i den stille verda. Etterkvart, dersom du plasserer kula på ei flate, dalar fnugga saktare. Snøen legg seg på dei faste, fint utforma figurane. Dersom du vrir jamnt på kula vil det gje figurane ei tredimensjonell, levande verknad. Som ein sakte gif. Ditt perspektiv endrar seg. Akkurat som om du køyrer forbi i ein blå pickup. Du følger motivet sakte i vindauget.
Denne dagen har snøen allerede landa.
Vinterlandskap. Eit ungt bjørketre. Oppe i treet sit ei kråke og ser ned mot bakken. På bakken står reven som støypt. Kikkar tilbake. Vi ser dei som i ei snøkule der vi passerer.

Medan eg driv å kikkar med mine evige turistauge, seier det leitande blikket til Trine andre ting.
Trine speidar. Kva speidar ho etter? Ho sukkar. Eg speidar også no. Kan eg hjelpe til? Finne det vi leitar etter? Eg ser spørjande på ho både to og tre gongar.
Endeleg, seier ho: Huff, litt av ein jobb. Dei har fortsatt ikkje kome ut på vegen.
Kven Trine? Kven Trine?
Reinsdyra, Mari. Folka, Mari.
Å gjete reinsdyr i skogen er ikkje lett på eit slikt eit føre. For lite snø for scooter, for mykje snø for ATV. Huff for eit slit, seier ho.
Skal eg sjå etter rein for deg, Trine?
Ja takk, Mari.
Eg speidar. Speidar. Gjer ein jobb. Speidar etter rein. Prøver å halde blikket langt inne i skogen. Feste blikket på detaljar som kan vere reinsdyr. La trestammane i forgrunnen suse forbi som slør. Speidar. Er usikker på korleis eit reinsdyr vil sjå ut mellom trea. Lagar eit bilete i hovudet mitt, og prøver å få detaljane i skogen til å passe inn i denne draumesjablongen av ein kvilande reinsdyrskugge. Fokusere. Flytte blikket. Fokusere. Flytte blikket. Dette kan eg. Har trent ein heil barndom. Kanskje eg vil få auge på ein bjørn. Med reinbrillene på, vil eg forveksle han med ei tue eller ein stubbe.
Vi følger ryggane i morenelandskapet. Når 40 km har gått, og fortsatt ingen rein har dukka opp vert det å finne ein reinskit på vegen som å finne årets første modne multe. Hallelujastemning med andre ord. Yeah! Reinspor! Kva no! Jo, vi kan slå fast at ein rein har kome seg ned på vegen. Ein rein. Av trehundre.
Det kjem ikkje fleir skit på vår veg. Men menneske. Samar på scooter i vegkanten. ATVar i skogane.
Langs vegen heng det raslegjerde. Nokon har klippa søppelsekkar opp i strimlar og festa dei på blått nylontau. Eg tenker på kven dei var. Og kva dei hadde snakka om når dei klippa opp raslene. Hadde dei høyrd på lydbok? Plystra? Sunge? Joika? Raslejoikar? Pønska dei ut ein plan?

No går dette lange innlegget over i stikkordsform for ein liten periode.

Det tynne snølaget. Skulle eg også gå der ute i skogen? Gjere ein jobb for skogfolket?
Rein på vegen. Rein langt oppe i Dalen. Meir raslegjerde.
Tynt snølag. Lysande rosa himmel.

Skuret. Varmen. Venting. Krakkelerte taket. Utedoen. Jenta og trollmannen Danielsen. Åttere i alle fasongar. Olsen. Lære å spise med pinnar. Den fine mammaen. Korpen som laga hundrevis av lydar. Kråka som berre laga ein.

Ut i skogen, tynn is, rosa himmel, rosa snø, gjerde på gjerde, ingen rein, meir gjerde, vi går lenge, plutseleg, ein laaaang skugge mot høgre, vi bjeffar som hundar, skuggen mot veeeenste, alle bjeffar, skuggen spreier seg, reinen susar rett forbi, ingen rein skal få meg til å bjeffe, reinen gryntar, eg bjeffar ALDRI, ein stad går grensa.

Springe tilbake samme vegen som me kom. Passere eitt gjerde, ser ingen rein. Passere to gjerde, ser ingen system. Rasletråd, oss på rekke, bjeffing frå dei andre pluss frå hunden, reinen ser oss, snur tvert, stikk på bortsida av gjerdet, mot kollen, det er viktig at alle hjelper til.

Reinen spring rundt, på toppen av kollen. Ein gryntande skugge. Stor spreidning på oss. Vi har ulike ansvarsområde. Reinen skal ikkje få komme seg ned frå kollen. Eg får mitt ansvarsområde der kollen er svært bratt. Eg tenkjer at dersom ein reinflokk renn nedover denne skråninga vil dei ALDRI greie å stoppe før dei renn meg ned. Eg ser for meg mine einskilde faktorar rundtom på reinsdyrbein. Dinglande maribitar. Skoa mine tredd på klovar. Tarmane mine vikla rundt gevir. Daudande hjarte mot dunkande hjarte. Ser nervecellene fly ut av syne.
Eg står der i mine eigne, totalt groteske, tankar då eg høyrer ein grov trampelyd frå toppen av kollen. Grynting. Eg lukkar augene. Ser for meg gnuflokkar i Afrika. Magen min klamrar seg rundt hjartet, dirrandes. Som ein 2-taktars på ville vegar.
Det går plutseleg opp for meg: I panikk løsnar bjeffet mitt! Som ein rasande ulv. Ei ellevill hyene. Eller noko.
Reinen siktar dei oppsperra augene mot den bjeffande meg. Snø og jord sprutar i det frambeina grev seg bremsande ned i kollen. Knuffing i reinrekkene. Okking og stønning frå klemte rein. Lyden av uendeleg klikking i det gevir treff gevir. Magen min slepp hjartet i det den knyttar den seg meir og meir og bjeffa vert svakare og svakare. Eg tek ein pause. Ular i pausen. Bjeffar deretter vidare. For kvart bjeff forsvinn reina som diamantar i bejewled. Popp. Popp. Popp. Som lyden av twitter som vert oppdatert. Rein forsvinn! SCRATCH-SCRATCH…PLOPP! Bjeffbjeff….bjeff!

Eg er med eitt ein gjeng. Ein gammal same har stillt seg saman med meg. Vi bjeffar saman. Det har mørkna. Trine kjem også. Saman bjeffar vi reinen på betre vegar. Jobben er gjort. Vi må tusle oss tilbake. Samen veit om ein snarveg. Så klart. Sjølv i mørket. Sjølv i blinde. Etter kvart vert vi fulgt av fleire reinsamlarar. Vi samlar oss. Snik oss. Skimtar himmelen som ei lysemørk stripe over den svarte stien. Vi nærmar oss stemmer i skogen. Med eitt er vi på samlingsplassen att. Samane forduftar inn i sine husvogner. Trine og eg forduftar inn i vår sauna av ei husvogn.

Heyhey. Gjekk det bra?
Jepp..
Du stoppa dei på kollen aleine, høyrde eg?
Ingen kunst, berre bjeffa litt…og ulte littegrann..
Dei fnisar i sjala. Eg tolkar det som ærefrykt. Dam!
Set meg ned ved Trine. Vi smilar usynleg til kvarandre.
Store skikkelsar kjem inn i det gule stearinlyset. Dampande samar. Morske. Viktige beskjedar. Kodespråk for meg. Vi spiser fuktige brødskiver med pinnar. Drikk saft med pinnar. Les dårleg i stearinlyset. Dei mørke auga til Magga. Mikadio. Med pinnar. Dei må ikkje bevege seg. Me beveger oss ikkje. Høyrer ei djup røyst seie: «5 km med gjerde, det må jo en blind mann klare å gjøre». «Tja» tenker eg. Ser i taket. Dei fine krakelerte boblene. Minnar om dekorasjonar. Hobbybutikkar.
Reinlav, gips og mosaikk.
Rein og same… litt panikk!
Reinan kjem! Vi må ut å vere levande skjold! Fort, fort, fort! Kveldslufta raspar i halsen. Den store innhegninga som tidlegare danna ein vegg mot skogen har blitt opna. Menneske har erstatta veggen. Dei vandrar arm i arm mot mørket. Gjer innhenginga mindre. Ein låg, fyldig klikkelyd treff menneskeøyra. Grynting i det fjerne. Ei rekke av øyre kan merke klikkelyden bli sterkare. Ei rekke av bringer kan føle romlinga i grunnen. Ut av mørket kjem reinen styrtande mot gjerdet som eg er ein del av. Trine si kviskrestemme. Ikkje slepp no Mari… Eg veit Trine… Har stoppa rein før eg.
Åleine.
Saman.
Reinen bøyer av for oss. Dei panikkfyllte augene. Eg kan kjenne pusten. Dei er eitt einaste stort pustande vesen. Dei er ei elv. Og vi dannar ei jettegryte. Reinen rører oss ikkje, men buar seg langs med gjerdet. Seinare enn vatn. Raskare enn olje. Varmt og jamnt. Pusten deira i fjeset vårt. Den ultimate følelsen av natur. Action. Alt som national geographics nokon gong kunne ha ønska seg. HD gå heim! Satan! Åh!

Kva som deretter skjer kan eg ikkje heilt seie. Eg gjer jobben min. Knocka out av intrykk. Flyttar meg her og der. Er gjerde. Er raslelyd. Held tau. Vi menneska er eitt einaste samarbeidande vesen. Eg er berre vesletåa. Passiv i tankane. Aktiv i kroppen. Eg har ingen oversikt på systemet. Rein spring kontrollert i små grupper. Inn ei dør. Inngongen til ein rodeo.

Tankane er klare att, og eg finn meg sjølv i midten av rodeoen. Rein spring rundt og rundt. Som sildestimar rundt spekkhoggarar. Oss. Vi har ulike oppgåver. Reinen skal sorterast. Mesteparten er randarein. Siv sine. Desse har holdt til i dalen heile sommaren, og skal berre teljast og merkast. Eitt par menn har som oppgåve å sortere ut sine rein. Neidenrein. Desse held eigentlig til nede ved fjorden. Men sidan nokon av dei ønska å trekke opp i dalen for vinteren må dei hentast ned igjen. Transportmiddel står klar utanfor. Andre reineigarar igjen kjem heile vegen frå Varangerbotn. Dersom dei hjelp til her, får dei til gjengjeld hjelp med si samling seinare. Eg er spekkhoggar med oppgåve. Saman med to søte små jenter, som tidlegare på kvelden har lært pinnespising, skal eg fange dei minste reina. Deretter skal eg hekte på dei eit halsbånd som best kan beskrivast som eit festivalband. Trine er på vårt lag. Ho har gjort det før. Eg gjer så godt eg kan. Og det er ganske modig gjort, vert eg fortalt seinare.

Gongen i det heile: Ca tretti rein entrar rodeoen. Dei spreier seg vilkårleg. Vi passar på å stå langs med kanten. Deretter finn alle reina ut at dei vil springe rundar. Vi flyttar oss mot midten som då vert nestan tom for rein. For meg er det no berre å sikte meg inn på smårein. Følge bevegelsane. Jogge sidelengs. Sikte meg inn på små gevir. Strekke kameleontungenevane ut. Ta tak i to gevir med to faste grep. Og her må eg skyte inn kor utruleg fantastiske Beate sine skihanskar var for akkurat dette bruket. Deretter geleide reinen inn mot midten. Sleppe eitt gevir, og bruke den frie handa over mulen på reinen. For å roe den ned. Eitt reinsdyr besvimte i armane mine av dette grepet. Mogleg at eg gjorde noko feil. Der du står i ei stilling med reinsdyr i armane, besvimt eller ikkje, er det no berre til å rope ut: Nummer! Nummer! Nokon av dei andre kjem då springande med halsbandsmerkelappen. Klikk-på, og reinen er igjen fri. Slik held vi på til alle småreina i gruppa er nummerert, og alle storreina har blitt merka på andre måtar. Grafitti blant anna. Deretter vert reinen slusa ut ei anna dør, før ca. tretti nye rein entrar scenen.

Vi ser rein i alle fasongar. Ein liten rein ser ut som ein dverg, eller svalbardrein om du vil. Fleire enn meg fotograferer denne vesle fyren, som ser litt ut som ein gris samanlikna med den gjenge rein. Ein kastrert bukk er eit imponerande syn. Då gevira ikkje vert felt, veks dei seg digre som i Peer Gynt. Magisk.
I eitt tilfelle møter eg eit stabeist som ikkje vil bli tellt. Eg riv og slit i gevira til reinen. Og reinen riv og slit i armane mine. Då med eitt høyrer eg «krakk». Eit lite gevir er plutseleg meir ein del av meg, enn ein del av reinen. Eg føler meg kvalm. Skuldig. Det er litt blod i barnereinen si panne. Så fort som mogleg føler eg for å bekjenne mi ulykke. Kor er Siv? Nokon andre ansvarlege? Eg får auge på min kompis, gamlesamen.
«Eeeey! Eg har øydelagt ein rein! Kven skal eg gi beskjed til !?!».
«Tja, det vesle geviret kan du vertfall ta med deg hjem som rørepinne eller knagg.» seier han.
«Ja, eller lampe.» seier eg.

2 kommentarar

Filed under ...ska sei!, Bjørneland, Fine folk

Frrrrampeik!

2 kommentarar

Filed under ...ska sei!, Bjørneland